Talkshow?

Eg lurer på om ein skriv ordet talk show i to ord som på engelsk, eller om det er såpass fornorska at ein skriv det i eitt? Finst det forresten eit norsk ord for fenomenet?

Svar

Talkshow er teke inn i fleire norske ordbøker i denne forma, altså skrive i eitt. Eit alternativ er prateprogram.

Språknytt 2/1995 står det om ein som datagenererte 250 framlegg til avløysarord for talk show. På Språkrådet si liste «På godt norsk» står det berre eitt ord: prateprogram. Det er dessverre dobbelt så langt som det engelske, men til gjengjeld nokså lett å uttale, presist og med bokstavrim. Det har slått bra gjennom.

Eit anna ord for denne typen tv-drøs er chat show (britisk-engelsk).

Ein vidare kategori er samtaleprogram (frå kring 1950). 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2018 | Oppdatert:18.04.2024