Tema tryggleik

Kva er skilnaden mellom sikkerheit, tryggleik og trygging? Og kva er rettast på nynorsk?

Svar

Før heitte «sikkerhet» berre tryggleik, trygging og trygd på nynorsk. Ein kan langt på veg greia seg med tryggleik og trygging, men det kan finnast hol som må fyllast ut med sikring eller sikkerheit. Vi har grovt sett to system i nynorsken, sjå A og B nedanfor.

A) Tradisjonell line: tryggleik, trygging o.l. for «sikkerhet» og mest mogleg trygging for «sikring». Sikring der det er vanskeleg å bruka noko anna. 
B) Bokmålsnær line: sikkerheit for «sikkerhet» og sikring for «sikring». Tryggleik reservert for «trygghet».

Vi rår frå å nytta tilfeldige blandingar av dei to systema. Ein må til dømes ikkje finna på å skriva sikringspolitikk.

Vi tek utgangspunkt i line A nedanfor, sidan line B ligg opp i dagen. Teksten er lang, men er du ute etter ei særskild samansetning, kan du søkja på sida med Ctrl + F. 

For å kasta lys over line A må vi sjå på adjektiva som ligg under, altså trygg og sikker. Men aller først må vi rydda bort ei side av sikker(het), nemleg viss(het).

«Å være sikker» som i «å ha visshet»

Det å vera sikker på noko heiter i den mest tradisjonelle nynorsken m.a. å vera viss . Til dette svarar visshet på bokmål, og helst hokjønnsordet visse på nynorsk. Det motsette av viss(t) er uviss(t) ‘som ikkje veit nok’ eller ‘som ein ikkje veit nok om’. I forlenginga av dette har vi eit ord som usikkerhetsanalyse, som ideelt sett bør heita uvisseanalyse på nynorsk. Det handlar jo om usikre faktorar i tydinga uvisse faktorar. (Ein kan eventuelt ty til usikkerheitsanalyse, men ein bør styra unna andre variantar, som *usikkeranalyse.)

«Å få sikkerhet» av dette slaget for noko, er å få stadfest at noko er slik og slik. «Å si noe med sikkerhet» er nærmast å garantera noko – ein er heilt trygg/viss/sikker på det, eller overtydd.

Sikkert og visst er likevel eit fast uttrykk i alle variantar av begge målformene. «Det er sikkert slik» er òg det vanlege, og tyder noko anna enn «det er visst slik». Det finst alternativ som visseleg og truleg, men nynorsk har alltid hatt ei viss opning for adjektivet sikker og setningsadverbet sikkert. Det har no lenge vore vanlegare å skriva «sikker på» enn «viss på». Men begge heit-orda sikkerheit og vissheit er framleis mindre vanlege i nynorsk.

Når «sikkerhet» ikkje handlar om «visshet», er det tradisjonelle i nynorsk noko med trygg-.

Trygt er både trygt og sikkert

I eldre nynorsk nytta sjeldan aldri sikker eller usikker. Når det ikkje heitte viss eller uviss (som i uviss framtid), heitte det helst trygg og utrygg. Det galdt ikkje berre når eit menneske var (u)trygt, men òg når ein ting eller ein tilstand var (u)sikker. Heilt framandt er ikkje dette i bokmål heller, jf. «trygg trafikk», «utrygg vei», «trygg måte», «mattrygghet» o.a.

Det er på dette grunnlaget substantiva sikkerhet og tryggleik må sjåast. Tryggleik er altså like mykje ‘trygg tilstand’ og ‘trygge tilhøve’ som ‘kjensle av å vera trygg’ (= bokmål trygghet). Den følgjande innvendinga er altså heilt irrelevant innanfor tradisjonell nynorsk: «Vi har diskutert begrepet pasienttryggleik, men faglig kan det rettes innvendinger ettersom pasienten kan oppleve trygghet uten at sikkerheten er ivaretatt.» Pasienttryggleik dekkjer pasientsikkerhet.

Skal ein presisera at det berre gjeld kjensla, kan ein eventuelt nytta uttrykket «kjenna seg trygg» eller ordet «tryggleikskjensle».

Tryggleik, trygging, trygd og trygding

Vi har tre trygg-substantiv for å dekkja sikkerhet (og sikring) når det ikkje er tale om visshet:

  • tryggleik ‘det å vera trygg’
  • trygging ‘det å gjera trygg, skapa tryggleik’
  • trygd ‘det som gjer trygg, skaper tryggleik’

Ein gong var trygd eit svært brukande og tøyeleg ord for sikkerheit, garanti m.m., med trygding som spesialomgrep for ‘forsikring’. I dag er trygd innsnevra på grunn av den avgrensa bruken i bokmål, og både sikkerheit/tryggleik, sikring og forsikring har teke over mykje av råderommet. Du finn ein særskild artikkel om trygd og trygding i svarbasen.

Tryggleik kontra trygging

Vi må ofte velja mellom tryggleiks- og tryggings- når vi skal ha eit nynorskord for noko med sikkerhets-. Då spørst det  i utgangspunktet om det sentrale er tilstand eller aktivitet. Tilstand talar for tryggleik (= «sikkerhet»), medan aktivitet talar for trygging (= «å skape sikkerhet, å sikre»). Nokre døme og drøftingar:

  • Sikkerhetshensyn: Tryggingsomsyn og tryggleiksomsyn er jamgode, ein kan til og med tenkja seg ein nyanse.
  • Sikkerhetstilstand: Tryggleikstilstand er sjølvsagt fyrstevalet. Men siktar vi til tilstanden for tryggingsarbeidet, kan tryggingstilstand vera minst like rett.
  • Sikkerhetsgrad og sikkerhetsnivå: Tryggingsgrad (jf. Norsk dataordbok) og tryggingsnivå kan sjåast som «innstillingar» og setjast opp mot de facto tryggleiksgrad.
  • Sikkerhetskopi: Tryggingskopi er nær knytt til tiltak og er betre enn tryggleikskopi. Sikringskopi er òg brukt.
  • Sikkerhetsmargin kan vera så mangt. Tryggingsmargin og tryggleiksmargin kan begge forsvarast. Sikringsmargin er òg brukt. Elles er alt frå slingringsmon til reserve og trygd moglege avløysarar.
  • Rettssikkerhet er rettstryggleik (medan rettsvern har ei spesialtyding i begge målformer).
  • Pasientsikkerhet er fyrst og fremst pasienttryggleik (jf. Nasjonal eining for pasienttryggleik); om arbeidet nyttar ein omskrivingar.
  • Trafikksikkerhet er både trafikktryggleik / trygg trafikk og trafikktrygging
  • Helse, miljø og sikkerhet er helse, miljø og tryggleik, sjølv om det handlar mykje om trygging og vern; forkortinga er valfritt HMT eller HMS.

Dei fleste samansetningar som gjeld arbeid og tiltak for tryggleik, har trygging- som fyrsteledd. Trygging er alle slags «sikkerhetsforanstaltninger», så sikkerhetstiltak og sikring(stiltak) er i utgangspunktet trygging/tryggingstiltak, der ikkje vernetiltak er det innarbeidde ordet. (Grensa mellom trygging og sikring kan setjast ulike stader, sjå særskild bolk nedanfor.) 

Legg merke til at det «verbale» trygging (av å tryggja) står sterkare i høve til tryggleik enn sikring o.a. gjer i høve til sikkerhet. Fleire døme:

  • sikkerhetsbestemmelser > tryggingsføresegner
  • sikkerhetsforskrifter> tryggingsforskrifter 
  • sikkerhetsinstrukstryggingsinstruks

Ord på verne- er her delvis overlappande og delvis opptekne i særtydingar, jf. verneinstruks (HMS) og verneforskrifter (natur)

Nynorsk har altså med trygging lagt meir vekt på tiltaksaspektet, som sjeldan er heilt borte når det er tale om tryggleik. Særleg gjer trygging seg gjeldande på det «sikkerhetspolitiske» området, sjå neste bolk.

Trygging mot menneskelege trugsmål

Når det gjeld statens tryggleik, den nasjonale tryggleiken eller tryggleiken til borgarane (overfor trugsmål) er det trygging som dominerer, for arbeidet med tryggleiken står sentralt. Til dømes er «hensyn til landets sikkerhet» det same som tryggingsomsyn (eller forsvarsomsyn). Fleire døme:

  • sikkerhetsavdeling > tryggingsavdeling
  • sikkerhetsavtale > tryggingsavtale
  • sikkerhetsfolk > tryggingsfolk (livvakt o.a.)
  • sikkerhetsinteresser > tryggingsinteresser
  • sikkerhetspoliti > tryggingspoliti
  • sikkerhetspolitisk, sikkerhetspolitikk > tryggingspolitisk, tryggingspolitikk
  • sikkerhetsstyrke > tryggingsstyrke

I eit par av desse samansetningane kan nok tryggleiks- brukast, men det er mindre vanleg. Nokre sentrale namn og nemningar på området er:

  • FNs sikkerhetsråd > Tryggingsrådet i SN/FN
  • Nasjonal sikkerhetsmyndighet > Nasjonalt tryggingsorgan
  • sikkerhetsloven > tryggingslova
  • Departementenes service- og sikkerhetsorganisasjon > Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa

Likevel er dette vedteke:

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap > Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

Orda nedanfor gjeld i høg grad tryggleik, men er så knytte til tryggingsarbeid at trygging står sterkt eller til og med dominerer:

  • sikkerhetsgaranti > tryggingsgaranti (tryggleiksgaranti)
  • sikkerhetsklarering > tryggingsklarering (tryggleiksklarering)
  • sikkerhetskontroll > tryggingskontroll/tryggleikskontroll
  • sikkerhetsrisiko > tryggingsrisiko/tryggleiksrisiko

Her er det likevel best med tryggleik:

  • personellsikkerhetpersonelltryggleik (som nærmast er trygging mot personell og noko ganske anna enn arbeidarvern)
  • sikkerhetsgradering, sikkerhetsgradert > tryggleiksgradering, tryggleiksgradert

Her kan det godt nyanserast etter tyding:

  • informasjonssikkerhetinformasjonstryggleik  (og -trygging)  
  • kommunikasjonssikkerhetkommunikasjonstryggleik (og -trygging)
  • internettsikkerhetinternettryggleik (og -trygging)

At trygging dominerer på det tryggingspolitiske området, tyder sjølvsagt ikkje at ordet berre kan brukast om slikt.

Trygging kontra sikring 

Reint logisk kan sikring og trygging seiast å vera det same. Trygging dekkjer stort sett sikring, men det er nokre gamle hol i systemet, fyrst og fremst sikringar i sikringsskåp og sikring på våpen. Noko anna enn dette må ikkje brukast.

I tradisjonell nynorsk er sikring mykje mindre nytta enn i bokmål (pga. trygging, vern o.a.), men på nokre punkt, særleg i nyare nynorsk, blir ordet brukt meir. Det ter seg på ein av to måtar:

1) Sikring blir nytta parallelt med sikring i bokmål og kanskje eit stykke inn i sikkerhet på same område.

  • Sikringskost: Tryggingskost og vernekost har ikkje hevda seg nok. Heller ikkje «trygg mat», som vart drøft som alternativ i si tid.
  • Døme på bruk inn i sikkerhet: Trafikksikring (som i prinsippet kunne ha heitt -vern eller -trygging) blir gjerne kalla trafikksikring på nynorsk òg. I tillegg nyttar ein då gjerne trafikksikringsstrategi for trafikksikkerhetsstrategi (om ein ikkje kallar det trafikktryggingsstrategi).
  • Rastrygging og skredtrygging er like logisk som rassikring og skredsikringog det beste hadde kanskje vore -vern. Men det er sikring som blir nytta mest.

Av og til er det obligatorisk å bruka ordet sikring der bokmål har det same (jf. sikringsboksen). Det er aldri gale å bruka det parallelt med bokmål, men det kan finnast betre tradisjonelle alternativ. Både i nynorsk og bokmål er kjerneområdet for sikring sikring av ting. Trygging dekkjer i praksis ikkje heile det området.

2) Sikring blir nytta utan at sikring er i bruk på bokmål, og i staden for sikkerhet. Nokre slike ord lever utrygt, og det kan bli leie kollisjonar der bokmål har eller får heilt andre omgrep med -sikring.

  • Sikkerhetsmargin er nemnt ovanfor. Sikringsmargin blir nytta, men òg tryggleiksmargin, som er logisk.
  • Sikkerhetsbelte kan nok kallast sikringsbelte utan den store kollisjonsfaren. Ofte brukar ein heller underomgrep som bilbelte og setebelte.
  • Sikkerhetssele og sikringssele blir nytta med uklåre skiljeliner i bokmål. Her er mange sortar. Sikringssele kan truleg nyttast, og tryggingssele har vore nytta om visse undertypar i nynorsk før.  *Tryggleiks- har ikkje vore nytta på dette området.
  • Sikkerhetsnål har vore kalla sikringsnål og låsnål. Sikringsnål kan lett bli ei nemning for noko anna, og låsnål har ei anna tyding i svensk. *Tryggingsnål har det nok aldri heitt.
  • Døme på kollisjon: Bokmål har både sikkerhetsventilovertrykksavlastningsventil») og sikringsventil («nødstengeventil»), altså ord for ulike ting. Diverre har dette vore mekanisk omsett utan omsyn til heilskapen. Særleg uheldig er kombinasjonen sikringsventil om det fyrste og tryggingsventil om det andre. Sikkerhetsventil heiter tradisjonelt tryggingsventil på nynorsk.

Skilja kan òg gå andre stader:

  • Sikringsfond: Tryggingsfond er eit heilt logisk alternativ som har vore brukt litt i bokmål, men ordet forsvann tidleg. Sikringsfond er no mest brukt i nynorsk òg, t.d. i banksikringsfond. Reservefond er noko litt anna. Sikkerhetsfond har ei spesialtyding på forsikringsområdet. Her kan tryggingsfond kanskje koma inn i biletet, men dette må fagmiljøet vurdera.

Sikring i bokmål går svært ofte ut på å syta for «sikkerhet» for materielle verdiar eller ting. (Ordet blir nytta slik i nynorsk òg, der det tevlar med trygging). «Sikkerhet» i og ved sjølve tinga, t.d. maskinane, kan vera traustleik eller pålitelegskap. Maskinar kan ha stø, påliteleg, trygg eller sikker gang. Men vi må ha ei samlenemning for «driftssikkerhet», og det er driftstryggleik.

At noko er trygt i drift, heng nær saman med at det er trygt/ufarleg å bruka. Då er vi over på vern («beskyttelse») av liv og helse, eller på engelsk safety og protection.

Trygging/sikring kontra vern

Vern er i utgangspunktet det kortare og meir særnorske motstykket til beskyttelse. Miljøvern svarar til dansk miljøbeskyttelse. Det varierer mykje kvar ordet har slått gjennom. Til dømes heiter det luftvernpanservern; brannvern, oljevern; personvern og (i den samanhengen:) datavern; naturvern, bygningsvern. Arbeidarvern, dyrevern, barnevern og smittevern har slått ut konkurrentane med -beskyttelse.

Ordet vern har fått hevd på visse område, frå HMS (verneutstyr) til vern av natur og kulturminne (jf. «vernemyndigheter»). Det er med på å gje ordet mindre rekkjevidd enn det eigentleg har. Det er ei ulempe for nynorsken at mange trur at vern berre kan visa til noko òg heiter vern i bokmål. Nyare ord på vern- er avhengige av draghjelp frå bokmål. Difor må nok sikkerhetsdatablad heita tryggleiksdatablad

Alle verneomgrepa dreiar seg reint logisk om det å «sikre sikkerhet», altså trygging og sikring. «Sikkerhetsanordninger» kan vera tryggingsutstyr/sikringsutstyr eller verneutstyr, og fordelinga er noko tilfeldig. Ein «sikringsmekanisme» tener ofte til «å verna» (å sikra + å verna = å tryggja). I Verneleksikon (1967) er sikring nytta om sikring av last (nynorsk òg trygging), medan det meste elles er vern, med personar i sentrum.

I prinsippet kan sikring/trygging brukast til å innføra nye omgrep der vern i praksis er «oppteke». Men det kan òg føra til forvirring og påstandar om at vern er noko trongare enn det treng vera. Ordet blir lett utsett for skeiv og innsnevrande terminologisering. Til dømes har Statens vegvesen konstruert dette skiljet:

  • skredsikring: konstruksjoner for å hindre at skred utløses (snøanker, skredgjerde, skredmur, stabilitetssikring, mm) i vegskjæringer eller fjell/dalsider
  • skredvern: konstruksjoner for å bremse ned, lede eller stoppe skred (fanggjerde, fangmur, voller, kjegler, magasin, mm) i vegskjæringer eller fjell/dalsider

Det kan kanskje forsvarast med at det tekniske (sikring mot ting, i dette tilfellet snøen) er i fokus i det fyrste ordet, vern av menneske i det andre, men grunnlaget for skiljet er tynt.

Safety, security

Vern mot trugsmål heiter gjerne security på engelsk, medan vern og tryggleik mot annan fare (uhell o.a.) helst heiter safety. Skiljet mellom security og safety er noko konstruert i engelsk, men blir stadig viktigare, òg i norsk politikk og arbeidsliv. Skiljet har likevel ikkje noko direkte motsvar korkje i nynorsk eller bokmål. Det går i alle fall ikkje mellom trygg og sikker. Du finn ein artikkel om dette i Språknytt 2/2017.

Mattryggleik og biotryggleik

Vrient er det på område der bokmål har brukt trygghet i ei objektiv tyding, som t.d. i mattrygghet ‘det at mat er trygg å eta’ (food safety). Nynorskordet må her vera mattryggleik. Men bokmål har òg det vidare omgrepet matsikkerhet (food security), om alt frå næringsverdi (og mattrygghet) til tilgang på mat (forsyningssituasjonen). Kva gjer ein når mattryggleik er oppbrukt på mattrygghet? Ein kunne kanskje ty til matvaretryggleik, for matsikkerhet heiter òg matvaresikkerhet. (NOU 2004: 24 Et sårbart samfunn nytta matvaresikkerhet om forsyningssituasjonen og matvaretrygghet om helseaspektet.) Ein annan vri kunne vera å dela mattryggleik (food security) trygg mat (food safety) og trygg mattilgang (forsyningssikkerhet).

Det ganske nye ordet biosikkerhet er greitt å omsetja til biotryggleik (eller biosikkerheit).

Uttrykk og samansetningar utan direkte motstykke i nynorsk

  • «For sikkerhets skyld» er eit mykje brukt fast uttrykk. Det kan på nynorsk heita for å vera på den trygge/sikre sida, eller for å vera sikker. Sjølv om ein elles held seg til samansetningar med trygg, er det nok betre å skriva «for sikkerheits skuld» enn t.d. «for tryggleiks skuld».
  • «Å bringe i sikkerhet» er fyrst og fremst å berga, å tryggja (ev. få i dekning, få i trygg forvaring, sikra). «Å komme seg i sikkerhet» er m.a. å koma seg unna, å koma seg i dekning. Noko som «er i sikkerhet», er utanfor fare, vel forvart, trygt. Isolert sett er det her tale om tryggleik, men dette ordet høver ikkje godt i dei faste uttrykka, sjølv om det er logisk nok.
  • «Å utvise sikkerhet i en vanskelig situasjon» involverer nok både visse og tryggleik, men dei orda kan ikkje brukast i eit tilsvarande uttrykk. Det er helst støleik, ro og sjølvtillit det gjeld: å halda stø kurs, å halda hovudet kaldt.

Av og til tyr bokmål til trygging, m.a. for å sleppa kombinasjonen «sikre sikkerheten». «Å trygge» eller «ivareta sikkerheten» ein stad kan på nynorsk ofte forenklast til å tryggja staden (som i å tryggja landet). «Å ivareta noens sikkerhet» kan beint fram vera å tryggja (eller sikra) vedkomande.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.06.2017 | Oppdatert:18.04.2024