Uforenlig på nynorsk

Verbet foreine er jo teke inn i nynorske ordlister no ved sida av sameine. Kva med adjektiva foreinleg/uforeinleg og foreineleg/uforeineleg? Dei finst i fleire offentlege dokument på nettet. Kva kan eventuelt brukast i staden?

Svar

Ein må kunne bruke adjektiva forein(e)leg og uforein(e)leg om ein brukar verbet å foreine.

Formene med -e- er mindre brukte.

Å foreine heiter tradisjonelt å sameine på nynorsk (der ikkje vanlegare formuleringar som føre/binde saman høver). No bruker ein ofte kombinere i begge målformer, men orda er ikkje heilt synonyme.

At A er foreinleg med B, heiter tradisjonelt at A kan sameinast med B eller lèt seg sameine med B. Adjektivet sameinleg er teoretisk patent, men lite brukt. Ofte kan det vere vel så bra å skrive A går (fint) saman med B, høver (i hop) med B eller er i samsvar eller samhøve med B.

Der uforeinleg med svarer til i strid med, er det best å skrive i strid med. Ofte kan ein skrive at A går/høver ikkje saman / i hop med B.

I eldre nynorsk kunne bokmål forene, forlike og bringe i overensstemmelse med heite å semje, og det uforenlige (det som var uforlikelig / inkompatibelt / ikke stemte overens), var då ikkje semjande eller beint fram usemjande.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.12.2022 | Oppdatert:25.04.2024