Wifi og hifi eller wi-fi og hi-fi?

Korleis skal ein skriva og uttala desse orda?

Svar

I 2020 vart orda normerte til hifi og wifi.

Før heitte det Hi-Fi eller hi-fi, medan wifi var unormert (og oftast skrive Wi-Fi).

Hifi står for high fidelity.

Wifi er i utgangspunktet eit merkenamn (frå den såkalla Wi-Fi-alliansen), men i dag må det reknast som eit samnamn (bokmål: fellesnavn). Wifi er eit engelsk ordspel på hifi. Wifi blir gjerne oppfatta som eit akronym for wireless fidelity, men strengt teke står ikkje fi for noko, jf. denne artikkelen i New Scientist.

Det står i Nynorskordboka og Bokmålsordboka at uttalen av hifi er /haifi/. Det svarar fint til korleis byrjinga på high fidelity blir uttala på engelsk. I engelske ordbøker står likevel /haifai/ – og /waifai/. Det står ikkje noko i dei norske rettskrivingsordbøkene om den norske uttalen av wifi, men andre kjelder nemner /vifi/ og /vaifai/.

Folk får nesten velja uttale sjølve. Uttaleopplysningane i ordbøkene er berre opplysningar, ikkje reglar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.02.2022 | Oppdatert:18.04.2024