De og dykk på nynorsk

Når skal eg bruka de, og når skal eg bruka dykk?

Svar

Ein kan sjå det slik at

de og dykk og dykkar

er fleirtal av

du og deg og din (+ di, ditt, dine)

Du skal altså bruka de, dykk og dykkar nett slik du brukar du og deg og din.

Med andre ord: Du og de er subjektsform, deg og dykk er objektsform (og den forma som blir brukt etter preposisjon), medan dykkar er eigeform: 

Gav du boka til meg?
Gav de boka til meg?

Gav eg deg boka?
Gav eg dykk boka?

Gav eg boka til deg?
Gav eg boka til dykk?

Boka er di.
Boka er dykkar.

Ordet de har valfri uttale: /de/ eller /di/.

Med stor forbokstav skifter de, dykk og dykkar tyding og blir høfleg form av du, deg og din.

I nynorskområde er det svært vanleg å seia dokk (dåkk), doke (dåke) eller dokker (dåkker) for dykk. I tradisjonelle variantar av dialekten skil ein gjerne mellom dokk osb. som objektsform og /de/ eller /di/ som subjektsform. I 2012 vart det tillate å bruka å-varianten dokker i nynorsk, men utan skilje mellom subjektsform og objektsform. Det heiter altså dokker – dokker – dokkar, på line med bokmål dere – dere – deres

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.06.2023 | Oppdatert:19.05.2024