Driftssjef, stasjonssjef og liknande samansetningar: ein eller to s-ar?

Skal det vere ein eller to s-ar i drift(s)sjef?

Svar

Det skal vere to.

Dette kan vi utleie av andre samansetningar med drift-.

Det heiter driftsbygning, driftsingeniør, driftskapital og så vidare med -s-. Regelen er: Vi gjer ikkje unnatak for samansetningar der andrelekken «tilfeldigvis» byrjar med s-. 

Likeins er det med samansetningar der andre ord enn drift er fyrstelekk. Eit døme kan vere stasjon og andre ord som endar på -sjon. Det heiter stasjonsby og stasjonsmeister, difor òg stasjonssjef.

No finst det ord som snart har fuge-s og snart ingen bindebokstav i samansetning, som til dømes skog (skogsfugl, men skogmus) – men heller ikkje her er valet eller bortvalet av bindebokstav styrt av ein framlyds-s i ord nummer to.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.11.2023 | Oppdatert:27.04.2024