Krona på verket

Eg sette nyleg krona på verket. Eg hadde skifta batteri på klokka og tok derfor av krona. Det siste ein urmakar gjer når han lagar ei klokke, er jo å setje på krona. Er det det uttrykket kjem av?

Svar

Nei, det er det nok ikkje. Krone er her gloriøs hovudpryd, òg på ting som strengt teke ikkje har hovud. Ein krans som kastar glans.

I artikkelen om krone i Ordbog over det danske Sprog står det under tyding 6.3:

om hvad der gør noget fuldendt, fuldkomment (er “prikken over i'et”). *[…] Korstogene er . . Kronen paa Middelalderens Bedrift. […] nu især i forb. sætte kronen paa værket: […] Indenfor Haandværk og Industri er Teknologisk Institut noget for sig i denne Udvikling; man kan kalde det Kronen paa Værket. […]

For alt under tyding 6 gjeld dette:

om hvad der (ligesom en æres-, sejrskrans; jf. bet. 1.1) udmærker, fuldkommengør noget ell. udgør det ypperste, mest fuldendte i en ell. anden henseende.

Og tyding 1.1 er denne:

1) om hovedsmykke, der bæres som værdighedstegn olgn.

   1.1) (især i ssgr.; jf. ogs. bet. 6) om (hoved)krans af blomster, løv, guld osv., især brugt i oldtidens Grækenland og Rom til at hædre fortjente mænd med, til at smykke sig med ved forsk. festlige lejligheder (jf. Blomster- (1), Borger-, Digter-, Ege- (2), Laurbær- samt Martyr-, Tornekrone); nu oftest […] om saadan krans, der ved udseende ell. anvendelse minder om, efterligner fyrstekronen (se bet. 1.2)

Men det er forståeleg at du leiter etter ei forklaring på krone i tradisjonelt handverk, for det er eit stykke frå å setje krone på personar til å setje krone på eit verk. Vi finn ikkje spor etter denne overgangen eller personifiseringa.

Men kanskje verk er eit seinare tilskot til uttrykket, slik at det tidlegare har heitt krona på noko, det heile eller noko anna meir allment? Det kan ha letta overgangen. Både danske og svenske ordbøker kan tyde på noko slikt. Litteraturen (jf. nb.no) kan tolkast i same lei: Nicolai Wergeland vil i 1830 setje krona på både fedrelandet og forhandlingane til riksmøtet, og det er ti år før nokon set krona på noko verk på papiret. Dette sistnemnde verket frå 1840 er forresten heilt abstrakt, det gjeld eit vedtak.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024