Medmenneskelighet på nynorsk

Kva er det nynorske ordet for «medmenneskelighet»?

Svar

Tradisjonelt har ein brukt medmenneskelegdom, som du òg finn i ordbøkene. Medmenneskelegheit har vorte vanlegare med tida og kan ikkje kallast gale.

Begge desse orda er svært abstrakte og kan verka noko oppstylta på nynorsk. Uttrykk som medmenneskeleg veremåte og medmenneskeleg innstilling kan ofte høva i staden. Av og til kan ein bruka nærsynonym som medkjensle og nestekjærleik.

Å vise medmenneskelighet kan òg beint fram heita å vera medmenneske (eller eit godt medmenneske).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.06.2023 | Oppdatert:27.04.2024