Min forlovede på nynorsk

Korleis skal eg omsetje «forloveden min» til nynorsk? Eg kjem ikkje på noko anna enn «han eg er trulova med».

Svar
Det er heilt rett omsett.
 
Ein må ty til ei relativsetning, som i deLillos-songen der det heiter «der kom Frans hun var forlovet med» (ikkje «hennes forlovede»).
 
Partisippet trulova kan ikkje substantiverast til *ein trulova eller *trulovaen. Min trulova verkar òg stivt.
 
Ein kan skrive både forlove seg og trulove seg på nynorsk. Å forlove seg kan òg tyde å love for mykje.
 
Om historiske tilhøve og i høgtidleg samanheng er det festarmøy og festarmann som gjeld. Truloving er det same som festarmål; ein fester seg til kvarandre. To som er trulova, kan òg kallast feste – eller festarfolk. Festarmøya gjekk frå folkevisene inn i bibelspråket for kring hundre år sidan. Då festarmøya eller -jenta var ute or dansen, vart det vanskeleg å omtale dette førekteskapelege forholdet med eit substantiv utan å ty til forlovede, som er eit vanleg lånord frå dansk og bokmål i dialektane (òg der ein skriv nynorsk). 
 
Faste munnlege uttrykk som kona hans skal/sku' verta (bokmål hans tilkommende) har òg gått i gløymeboka. 
 
Før har kjærast vorte tilrådd som eit alternativ, men det er jo mindre presist. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.06.2023 | Oppdatert:27.04.2024