Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet. Søknadsfrist: 29. mai 2025.
Spaniar eller spanjol?
Spørsmål
Eg har registrert at spaniar (på bokmål spanier) er ei form som spreier seg. Har ein framleis lov til å nytte forma spanjol?
Svar
Begge formene kan nyttast, det er valfritt etter rettskrivingsordbøkene og har vore det i lang tid.
Det kan nok stemme at spaniar har blitt vanlegare i det siste, men spanjol er slett ikkje ute, tvert om har denne forma styrkt seg lenge. På 1800-talet var spanier vanlegast i det dansk-norske skriftmålet, men vi finn òg ein del spaniol.
Tidlegare var òg forma spanjor i bruk. I ordboka over norsk folkemål frå 1850 har Ivar Aasen med spanjor (som forresten er det vanlege på svensk), og han forklarer det på dansk med spanier.
I dansk skal spaniol ha vorte «lavsocialt» og gammaldags og vissnok nedsetjande.
I fleire tiår skulle spaniar (bokmål spanier) skrivast spanjar (spanjer).
Her er utviklinga i eit korpus hjå Nasjonalbiblioteket (boksøk):