Tenkje koffert

Kva er opphavet til uttrykket «å tenkje koffert»? Eg siktar til det å tolke vanlege ord og setningar på ein seksuell måte. 

Svar

Vi kan ikkje svare sikkert på det. Den mest rimelege teorien er den som Tone Tryti gjev att i boka Norsk slang. Koffert er då ein godt kamuflert metafor for det kvinnelege kjønnsorganet.

Flere bilder brukt om kvinner står det freudianske drømmesymbolspråket nær, idet de betegner gjenstander man kan putte noe i, som tine, taske, dåse, skrin og skreppe. Beslektet er vel uttrykket å tenke koffert, som vil si å tolke ethvert tvetydig utsagn i retning av det seksuelle.

Uttrykket tenkje koffert har vore i bruk sidan midten av 1950-åra eller før, iallfall i Oslo, men vart ikkje vanleg i skrift før uti 1980-åra. 

Tillegg: Ein anonym svarar fortel at han eller ho høyrde det før krigen. Ta gjerne kontakt og fortel meir.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024