Brann i rosenes leir
Kva tyder uttrykket «brann i rosenes leir», og kva heiter det på nynorsk?
Svar
Det tyder ‘stort oppstyr der det elles er idyllisk og fredeleg’, jamfør Bokmålsordboka.
Uttrykket står ikkje i Nynorskordboka (per 2017), men kan nyttast i nynorsk. «Brann i roseleiren» og «brå slutt på idyllen» er andre alternativ.
Opphavet til uttrykket er Henrik Wergelands eventyr «Røde og graa Dompaper» frå 1844. Innleiinga står nedanfor. Resten av historia er mildt sagt vanskeleg å samanfatta, så klikk gjerne på lenkja ovanfor og ta ein titt sjølv.