Er engelsk «flare» det same som norsk «flare»?

På engelsk heiter å blussa opp to flare up, men i ei attdikting av Olav H. Hauge finn eg å flara upp i om lag same tyding. Er det det same ordet? Og kan solar flare i så fall kallast solflare på nynorsk?

Svar

Ifølgje etymologiske ordbøker kan flare ha kome til engelsk frå norsk. Den opphavlege tydinga er å vifta med noko breitt og flatt, men seinare har det fått tydinga ‘å loga opp’. 

Å loga opp (som er mykje vanlegare) svarer til å flamme opp på bokmål. Ein loge (med å-uttale) er altså ein flamme.

Substantivet (ei) flare er mindre brukt både i dialektane og i nynorsk skrift enn verbet å flara. Det har nok ingen sjanse som fagterm. (Norske fagfolk har valt termane solbluss og soleksplosjon.) Dersom du ser solflare i faglitteraturen, er det nok meininga at -flare skal lesast på engelsk vis, som i solar flare. Du kan lesa om tilhøvet mellom solstorm, koronamasseutbrot og solar flares i Store norske leksikon.

Nedanfor har vi limt inn det diktet du har lese, og eit utklipp frå Norsk Ordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.12.2023 | Oppdatert:28.04.2024