Kontreadmiral – uttale

Korleis skal kontreadmiral uttalast – med trykk på /kon/ eller /tre/?

 

Svar

Kontreadmiral skal uttalast som viseadmiral, altså med trykket på fyrste stavinga.

Slik er det òg i dansk og svensk.

Å leggja trykket på /tre/ er nok ein nymotens skikk. Kanskje nokon har vilja gje ordet ein fin fransk klang? Men det stemmer slett ikkje med fransk, det språket som ordet kjem ifrå. Der heiter det contre-amiral, utan nokon é.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:26.04.2024