Kveg på nynorsk?

I den nyaste bibelomsetjinga til nynorsk kom eg over ordet kveg (Esekiel 8,8). Det ordet har vel ikkje noko i nynorsk å gjera? 

Svar

Du tek nok litt feil, for ordet vart godkjent i nynorsk i år 2000. Det må likevel kallast eit stil- og tradisjonsbrot å bruka det i tekstar som speglar eit jordbrukssamfunn i eldre tid, i alle fall på nynorsk. I det tilsvarande norske samfunnet brukte ein heilt andre ord lokalt: naut, krøtter, (stor)fe og anna. 

Ordet kveg har aldri vore brukt i nynorskbiblar før. Jamvel i bokmålsbiblane er bruken av kveg halden på eit minimum. Ordet kjem ikkje frå norske bygdemål, men frå dansk skriftmål.

I dei tidlegare danskspråklege biblane vi brukte her i landet, krydde det naturlegvis av kvæg. (I den nyaste danske bibelomsetjinga er det 124 døme på kvæg, som seg hør og bør.) I 1930 tok bibelspråket steget frå dansk(norsk) til norsk riksmål/bokmål, og det vart berre ståande att to tilfelle av kveg, resten vart stort sett omsett til storfe (nynorsk naut, seinare storfe). 

I 1978-omsetjingane finst det ikkje spor av kveg på nynorsk eller bokmål. I desse omsetjingane vart det lagt stor vekt på naturleg norsk målføring. 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.09.2023 | Oppdatert:24.05.2024