Mellomrom føre C for celsius?

Korleis refererer ein korrekt til temperaturar (grader celsius)? Er den rette skrivemåten 200°C eller 200 °C? Skal det vere mellomrom mellom talet og gradsymbolet eller ikkje? 

Svar

Det kan skrivast 200° eller 200 °C.

Dersom C-en er med, skal det altså vere eit mellomrom etter talet. Bruk såkalla hardt mellomrom, så skil ikkje talet og teiknet lag ved lineskift. 

Regelen er altså den same som for prosent: 100 %.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.05.2022 | Oppdatert:25.04.2024