Uttale av k som i «kald» eller som i «kylling»

Finst det faste reglar for når bokstaven k skal uttalast som i kald, og når han skal uttalast som i kylling?

Svar

K uttalar vi med kj-lyd framfor i, y, ei og øy, elles med vanleg k-lyd. Nokre lånord har unntak frå regelen. 

G lyder dei same reglane som k, men blir til j.

Framfor i, y, ei og øy uttalar vi altså k som /kj/ og g som /j/:

kime, kylling, keisam, køyre
gilde, gyllen, geipe, gøyme

Framfor dei same lydane uttalar vi bokstavkombinasjonen sk som /sj/:

skinn, skyte, skeiv, skøyte

Framfor andre vokalar uttalar vi og hardt, altså k som /k/ og g som /g/.

Merk at vi nesten aldri skriv j mellom k/g og vokalane/diftongane ovanfor. Jamfør regla: «I-en og y-en var ute i byen. Der møtte dei ein j, han fekk ikkje vere med.» Det er litt tilfeldig at e og ø i si tid ikkje vart omfatta av denne regelen (medan ei og øy vart det). Språkhistorisk har i, e, ei, y, ø, øy mykje sams; sjå nedanfor.

Unntak og årsak

For mange hundre år sidan hadde vi ein periode då k og g automatisk vart til kj- og (g)j- føre alle dei såkalla fremre vokalane i, e, æ, y og ø (medrekna diftongane ei og øy). Ord med hard k og g føre desse vokalane må altså vera komne inn i nyare tid, eventuelt har dei hatt ein annan rotvokal tidlegare.

Det er altså særleg blant lånorda vi finn unntak frå skrivereglane.

Verbet å gøy (slik hundar gjer) er gammalt i norsk og har regelrett j-lyd, medan substantivet gøy ‘moro’ er lånt inn frå engelsk og har g-lyd. Unntaka følgjer ikkje noko greitt system. Såleis har vi kj-lyd i keramikk, men k-lyd i kiwi. Lånordet keiser har k-uttale i bokmål, medan nynorsk keisar helst skal uttalast /kjeisar/. Kynisk heiter i dag /kjynisk/, men hadde helst hard uttale før. Det er blitt betre integrert i norsk.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024