Uttalen av medan og sidan

Korleis uttalar ein orda medan og sidan på nynorsk?

Svar

Den tradisjonelle leseuttalen er /mean/ og /sian/. 

Dei fleste d-ar mellom vokalar og til slutt i ord etter vokal er stumme. Dette gjeld vel å merke gamle norske ord, ikkje importord. 

I gammalnorsk hadde desse orda stungen d (uttalt som th i engelsk the). Det er mange hundre år sidan dei stungne d-ane fall bort i norsk. Dei overlevde berre – og då i form av vanleg d – på delar av Nord-Vestlandet. (Vi ser her bort frå bokmål og spreidde ord i ymse dialektar.) 

Når folk som ikkje er sunnmøringar eller nordfjordingar, les ord som medmedan, sidan, sida, tida og nedanfor med hard d på nynorsk, må det reknast som skriftuttale, og det har ikkje vore tilrådd.

I mange dialektar har n-en òg falle bort (slik at det heiter /mea/ og /sia/), men ein plar ta med n-en når ein les nynorsk høgt. Det finst elles mange fleire meir særmerkte dialektformer, som til dømes /sea/, /sio/ og /mende/.

Medan har synonyma mens (som i bokmål) og dessutan kortvarianten med /me/, som var meir utbreidd enn medan på Ivar Aasen si tid. 

Hugs at det heiter ved sida av, uttalt ve sia a(v) utan n til slutt! Dette uttrykket har ingenting med adverbet sidan å gjera. Sida /sia/ er her bunden form av ei side /ei sie/.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.03.2023 | Oppdatert:06.06.2023