Hopp til hovedinnhold

Naudvarsel berre på bokmål?

Kan styresmaktene sende ut naudvarsel berre på bokmål?

Spørsmål:

I samband med ekstremvêret Hans i august 2023 vart det sendt ut naudvarsel (på mobil) frå styresmaktene. Varselet gjaldt delar av Sør-Noreg, og det var berre på bokmål. Er det lov å sende ut slike varsel berre på bokmål? Kva seier språklova om dette?

Svar:

Eit allment tilgjengeleg dokument

Etter språklova må eit naudvarsel reknast som eit allment tilgjengeleg dokument. Statsorgana er omfatta av språklova, og dei må følgje språklova når dei sender ut naudvarsel.

Eit geografisk avgrensa område

Naudvarselet vart sendt ut i delar av landet. Språklova paragraf 13 tredje leddet seier at når eit allment tilgjengeleg dokument frå eit statsorgan er retta mot eller har særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal statsorganet bruke det språket som er fleirtalsspråk i dette geografiske området (dersom området har eit fleirtalsspråk).

Ordforklaringar

Allment tilgjengeleg dokument: dokument som blir laga og sendt ut av eit organ som er omfatta av språklova, og som ikkje er stila til enkeltadressatar. Allment tilgjengelege dokument er til dømes nettsidetekstar, pressemeldingar, stillingslysingar og tekstar i sosiale medium.

Fleirtalsspråk: det norske skriftspråket (bokmål eller nynorsk) som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om.

Tenestekrins: geografisk område som eit statsorgan yter tenester til.

Språkvedtak: vedtak gjort av ein kommune eller ein fylkeskommune om kva for skriftspråk som statsorgan skal bruke i all skriftleg kommunikasjon med dei. Kommunen eller fylkeskommunen kan gjere vedtak om at det skal brukast berre nynorsk eller berre bokmål, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.

Oversikt over språkvedtak

Fleirtalsspråk i eit område

Når ein skal finne ut kva som er fleirtalsspråket i eit område, må ein først finne ut kva språkvedtak fleirtalet av kommunane i området har gjort. 
Oversikt over språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar på språklov.no

Språkprioritering

Spørsmål: Når ein fare trugar, hastar det med å sende ut informasjon til folk. I ein slik situasjon kan vel ikkje statsorgana bruke tid på å setje om teksten til nynorsk? Dei har i alle fall ikkje tid til å sjekke kva som er fleirtalsspråket i eit område.

Svar: Uvêr og andre farar er noko vi alltid må vere førebudde på. Utforming av tekst til naudvarsel er ein del av førebuinga. Når statsorgana lagar standardtekstar om til dømes skred eller uvêr, bør dei skrive dei på både bokmål og nynorsk, slik at dei har tekstane klare når det blir aktuelt å sende ut naudvarsel.

Ekstremvêret Hans vart meldt fleire dagar på førehand. I eit slikt tilfelle hadde statsorgana hatt tid til å skrive teksten på nynorsk òg. (Dei hadde jo tid til å skrive han på engelsk og tysk.) Statsorgana bør på førehand lage ei oversikt over geografiske område med fleirtalsspråk og ha standardtekstane klare.