Hopp til hovedinnhold

Bruk av andre skandinaviske språk i statlege rapportar

Kan ein bruke skandinaviske språk (til dømes norsk og svensk) side om side i ein statleg rapport?

Spørsmål:

Eg arbeider i eit statleg organ. Vi skriv no ein rapport i samarbeid med søsterorganisasjonen vår i Sverige. Prosjektleiarane vil derfor at rapporten skal skrivast dels på norsk, dels på svensk. Har vi lov til å gjere det slik? Seier språklova noko om dette?

Svar:

I språklova står det at alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ i Noreg (sjå språklova paragraf 8), og at offentlege organ kan svare på norsk. Lova seier ikkje noko eksplisitt om bruk av svensk og dansk i statlege dokument.

Den nordiske språkdeklarasjonen har som eit utgangspunkt for den nordiske språkpolitikken «at det nordiske samarbeidet fremover foregår på de skandinaviske språkene, dvs. dansk, norsk og svensk».

I den nordiske språkkonvensjonen artikkel 6 forpliktar statane seg mellom anna til «å fremme direkte samarbeid mellom myndighetene i de ulike statene med sikte på å gjennomføre formålet med konvensjonen».

Svensk, dansk og norsk er i prinsippet gjensidig forståelege språk. Det vil seie at svenskar, danskar og nordmenn i stor grad forstår kvarandre eller bør vere i stand til å gjere det. Men nabospråksforståinga har vore under press lenge. Oftare enn før snakkar og skriv skandinavar engelsk til kvarandre. Det er eit språkpolitisk mål å halde den skandinaviske nabospråksforståinga ved lag. 

Ein tospråkleg, felles tekst frå to norske og svenske statlege organ kan vere eit uttrykk for at språkpolitikken blir teken på alvor.

For ordens skuld legg vi til at vekslinga mellom dei to språka må vere gjennomtenkt og ryddig.

Spørsmål og svar: skandinaviske språk - Språklov (sprakradet.no)