Svensk

Rundt ti millionar menneske snakkar svensk, og det gjer svensk til det største språket i Norden. Det språket ein plar kalla rikssvensk, byggjer på dialekten som blei talt i Midt-Sverige på 1800-talet. Dialekten har spreidd seg utover heile landet, sjølv om dei lokale dialektane framleis er i bruk. Skånsk og gotlandsk er to døme på lett gjenkjennelege svenske dialektar. Skånsk er lett å identifisera med sin skarre-r, medan gotlandsk er kjend for vokalkombinasjonane, såkalla diftongar og triftongar (det heiter til dømes haust i staden for höst, stain i staden for sten og houis i staden for hus).

Tre hundre tusen snakkar svensk i Finland

Dei to offisielle språka i Finland er finsk og svensk. Svensk er eit stort minoritetsspråk i Finland. Alle finske barn må læra svensk i minst tre år på skulen. På Åland står det svenske språket så sterkt at ålendingane ikkje lærer finsk i det heile. For mange ålendingar er det difor naturleg å flytta til Sverige etter vidaregåande skule.

For mange nordbuar er den svenske dialekten som blir snakka i Finland – finlandssvensk – lettare å forstå enn det svenske språket som blir snakka i Sverige. Grunnen kan vera at uttalen i finlandssvensk ligg nærare skriftspråket. Ein må likevel vera klar over at det er mange ord som betyr noko heilt anna i finlandssvensk enn i rikssvensk. Noko som er råddigt i finlandssvensk vil ein svensktalande omtalt som stökigt (bråkete), ei semla er eit smørbrød (smörgås), ein aula er ein entré snarare enn ein samlingssal, og å kila er å pressa seg framom.

Korleis forstå svensk?

Når svenskar snakkar, har dei ein tendens til å stryka bokstavar og dra saman ord. Vasaru? skal oppfattast som Vad sa du? (kva sa du?). Vaffschkaduntegåmä? betyr Varför ska du inte gå med? (kvifor blir du ikkje med?). For eit utrena øyra kan det vera vanskeleg å oppfatta.

I svensk som i norsk finst det ein del stumme bokstavar, som til dømes den første konsonanten i ord som hjelp, djup, ljum og gjorde. G blir ofte uttalt med ein j-lyd, særleg framfor mjuk vokal. Lytt til uttalen av orda ved å gå inn i miniordboka og klikka på lydikonet for orda.

Sje-lyden har ikkje nokon eigen bokstav, men blir skriven med fleire ulike konsonantkombinasjonar om lag som på norsk slik som sk-, sj, stj og skj. Samanlikn gjerne lydane i orda skinka, sjuttio, stjärna og skjuta i miniordboka.

Den svenske stilen er ofte så uformell at andre kan oppfatta språket som fullt av slang og sjargong. Skriftspråket er relativt kvardagsleg, sjølv i dei mest høgtidelege samanhengane. Helsinga hej fungerer overalt, og ord som kille, tjej, fralla og fika er heilt akseptable, sjølv i skriftspråket.

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle nordiske språk. Nedanfor ser du den svenske versjonen. Ved å lesa den korte omtalen av dei andre nordiske språka, kan du jamføra likskapar og skilnadar mellom denne teksten på svensk og dei andre nordiske språka:


Svenskar, norrmän och danskar förstår varandra ganska bra. De har större problem med isländska, trots att isländskan liknar det skandinaviska språk som talades för tusen år sedan. Isländskans närmaste släkting är färöiskan, men språken är inte så lika att en islänning förstår en färing utan problem.

Finskan påminner om estniskan, men det finns också likheter med de samiska språken. I både finska och samiska kan man till exempel skapa långa ord genom att lägga böjningsändelser till ordstammen. Men när det gäller långa ord är grönländskan i en klass för sig. Där andra språk behöver en hel mening räcker det ibland med ett enda grönländskt ord.


Det er mange ting du kan leggja merke til her. Her er nokre døme:

Den svenske teksten har mange a-er, heile 44! I den danske og den norske bokmålsversjonen er det berre 27 (må sjekkes når den er på plass), medan det i den nynorske versjonen er 40! Årsaka til skilnadane er dels at fleirtalsendinga i substantiv ofte er -ar (som i svenskar og danskar) og dels at ein kan velja å la infinitivsforma av verba på nynorsk enda på -a (som i tala) i staden for -e som i bokmål. I mange av desse høva må ein bruka -er og -e på norsk bokmål og dansk. Ein annan skilnad er bruken av x i svensk der norsk og dansk vanlegvis bruker stavemåten -ks-.

Det er mange og lange konsonantkombinasjonar i svensk. I grønlandsk kan ein ha opptil seks konsonantar etter kvarandre. Så lange konsonantkombinasjonar er uvanlege i mange språk, og særleg i finsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.07.2013 | Oppdatert:03.06.2021