Gittercelle
Nobelprisen går til oppdaginga av gittercella. Kvifor har cella fått dette namnet?
På onsdag vert nobelprisen i fysiologi og medisin delt ut i Stockholm. May-Britt og Edvard Moser har oppdaga ein type nervecelle i hjernen som gjev oss orienteringssansen. Desse gittercellene er ein slags indre GPS i hovudet vårt.
Moser-ekteparet har gjennom mange eksperiment registrert hjerneaktiviteten til rotter i bur. Dei oppdaga nokre nerveceller som var aktive når rotta var på bestemte punkt i buret. Dei aktiverte nervecellene danna eit heksagonalt mønster. Rottene laga altså eit mentalt kart i form av eit gitter.
Danskane nyttar også gittercelle, medan ein på svensk kallar dei for rutnätcelle, og det gjev jo også meining. Ordet gittercelle er òg brukt frå før i fag som krystallografi.
Andre celletypar som er med på å danne navigasjonssystemet i hjernen, er stadcelle, hovudretningscelle, fartscelle og kantcelle.
Du kan lese meir om gittercella og dei andre på Store norske leksikon og på forskning.no.
Publisert 5. desember 2014