Antiterror
Både antiterror og antiterroraksjon skal skrivast utan bindestrek.
I norsk lagar vi samansette ord heile tida, og som hovudregel bør vi unngå bindestrek i dei. I somme tilfelle kan rett nok bindestrek vere på sin plass for å gjere orda lettare å lese. Det gjeld særleg når tre konsonantar følgjer kvarandre, til dømes i samansetjinga spiss-slede.
Men tommelfingerregelen er klar: Dropp bindestreken om ordet er like lettlese utan. Skriv med andre ord antiterror, antiterrormarkering, antiterroraksjon osb.
Ordet terror stammar frå latin og tyder opphavleg «stor frykt/redsle».
---
Foto: Metziker – Norwegian Police (Lisens: CC BY-NC 2.0).