Catalonia, katalanarar og katalansk
Den nordaustlege regionen i Spania heiter på norsk Catalonia, medan vi nyttar k i innbyggjarnamnet katalanar (bokmål katalaner) og i adjektivet katalansk.
Catalonia er aktuelt i samband med regionsvalet 27. september, som for mange katalanarar også dreier seg om ei avrøysting for eller mot sjølvstende.
I høve regionsvalet vert det òg skrive om sentrale katalanske institusjonar og omgrep. Vi ser at nokre journalistar nyttar engelske namn for fleire av desse, så vi har difor laga ei liste med forslag til norske omsetjingar.
Katalansk | Nynorsk | Bokmål |
---|---|---|
Generalitat de Catalunya |
Dei katalanske regionsstyresmaktene (Generalitat) eller Dei katalanske sjølvstyremyndigheitene (Generalitat) |
De katalanske regionsmyndighetene (Generalitat) eller De katalanske selvstyremyndighetene (Generalitat) |
El Parlament de Catalunya | Det katalanske parlamentet | Det katalanske parlamentet |
El President de la Generalitat | Den katalanske regionspresidenten | Den katalanske regionspresidenten |
El Govern / El Consell Executiu de Catalunya |
Den katalanske regionsregjeringa eller Den katalanske sjølvstyreregjeringa |
Den katalanske regionsregjeringen eller Den katalanske selvstyreregjeringen |
Consell de Diplomàcia Pública de Catalunya | Det offentlege diplomatirådet i Catalonia | Det offentlige diplomatirådet i Catalonia |
Delegació del Govern davant la Unió Europea | Den katalanske EU-delegasjonen | Den katalanske EU-delegasjonen |
estatut d’autonomia |
sjølvstyrestatutt eller sjølvstyrevedtekt |
selvstyrestatutt eller selvstyrevedtekt |
comunitat autònoma | sjølvstyreregion | selvstyreregion |
eleccions autonòmiques | regionsval | regionsvalg |
- Sjå òg oversyn over skrivemåten for utanlandske stadnamn.
- Vi har skrive meir om stavemåten Catalonia/katalanar i ein tidlegare artikkel.