Idéseminar om norsk fagspråk med søkjelys på løysingar
(28.10.11) Den 17. oktober skipa Universitets- og høgskolerådet (UHR) og Språkrådet til idéseminar om norsk fagspråk i universitets- og høgskolesektoren. Det kom fram at oppretting av termbankar vil vere eit viktig verkty for å utvikle norskspråkleg fagterminologi i akademia.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
Bakgrunnen for idéseminaret var ei ny føresegn i universitets- og høgskolelova, paragraf 1-7, der det heiter at «[u]niversiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk». Føremålet med dagen var å finne ut korleis paragrafen kan verkeleggjerast og fyllast med konkret innhald.
Seminaret vart opna av nestleiaren i UHR, Lise Iversen Kulbrandstad, etterfølgd av Anne Grøholt frå Kunnskapsdepartementet, som meinte at ansvaret for vedlikehald av norsk fagspråk kviler på sektoren sjølv. Johan Myking frå Universitetet i Bergen gav ei oversikt over lokale språkstrategiar, og korleis ein bør gå frå «utgreiingsdiskurs» til handlingsmodus. Svein Stølen og Arne Maus, begge frå Universitetet i Oslo, peikte på kva utfordringar og fordelar eit norsk fagspråk byr på i lærebøker og i formidling. Journalistane Anna Nesje og Nina Kristiansen utdjupa deretter kvifor forståeleg fagspråk er viktig i formidling av fagstoff.
Etter lunsj fekk vi høyre av Anne Holmen at Københavns Universitet har skipa eit senter for parallellspråklegheit (CIP), medan Antti Kanner frå Helsingfors universitet fortalde om opprettinga av ein termbank for universitets- og høgskolesektoren i Finland. Norskspråkleg fagterminologi er også viktig for biblioteka, noko som Elise Conradi frå Nasjonalbiblioteket peikte på. Siste innlegg kom frå Marita Kristiansen frå Noregs Handelshøgskole. Ho skisserte korleis ein felles terminologisk praksis i sektoren kan munne ut i termbankar som blir eit viktig verkty for å vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk.
Idéseminaret vart avslutta med ein paneldebatt leidd av Språkrådets direktør Arnfinn Vonen.
Her kan du laste ned presentasjonane frå idéseminaret (alle er pdf-filer):
- Universitets- og høyskolelovens bestemmelse om institusjonenes ansvar for norsk fagspråk av Anne Grøholt
- Status og oversikt over det norske strategiarbeidet i UH-lova av Johan Myking
- Fagspråk i undervisning og lærebøker i informatikk – flere fasetter av Arne Maus
- Formidling på norsk – en utfordring? av Svein Stølen
- Forskerspråket gjennom mediekverna av Anna Nesje
- Journalist møter forsker av Nina Kristiansen
- Center for Internationalisering og Parallelsproglighed (CIP) av Anne Holmen
- The Bank of Finnish Terminology in Arts and Sciences (BFT) av Antti Kanner
- Norsk webDewey. Fagterminologi i Deweys Desimalklassifikasjon av Elise Conradi
- Parallellspråkleg terminologiutvikling i høgare utdanning – ei skisse til løysing av Marita Kristiansen
- Språkpolitikk er viktig, nyheitssak frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, UiB