Bjørnstjerne Bjørnson: Ei faarleg Friing (1860)

Bergen 1860, s. 65–72

Forside

Om denne utgåva

Då Bjørnson var leiar for Det Norske Theater i Bergen 1857–59, hadde han  kontakt med Bergens-målmennene. Også før han kom til Bergen, hadde han vore interessert i landsmålet og hadde lese mellom anna folkeviser.

I Bergen freista han lære det nye skriftspråket, men det gjekk trått. Det vert fortalt at han ein gong i Prahlgården i Sandviken sukka tungt: «Gud vet om jeg skal leve den dagen, da jeg kan skrive landsmål».

På landsmål skreiv Bjørnson visa «Vesle Nils Finn» i «Halte-Hulda», og språket i Arne er òg merkt av arbeidet med landsmålet. Marius Nygaard omsette «Trond» i 1859, og Georg Grieg arbeidde med ei omsetjing av «Synnøve Solbakken». Bjørnson let òg omsetje «Et farlig frieri», som vart prenta både på dansk-norsk og landsmål i «Smaastykker» i 1860. Ein tidlegare versjon var prenta under tittelen «Frá stöðlin» i Chr. Tønsbergs «Norske Folkelivsbilleder» nr. 8, 1858. Den versjonen kan lesast hos Digitalarkivet i Bergen.

I 1860 kom òg forteljinga «Faderen» på landsmål i tidsskriftet «Folkevennen» – «Oversat af en Dame». Omsetjaren var truleg Aasta Hansteen.

I 1868 vart «Ei faarleg Friing» prenta i «Lauvduskar», ei samling tekstar redigerte anonymt av Hans Ross.


Teksten i jpg-format. Kvart dokument er ca. 100 kB. Originalformatet er 11,3 x 18 cm.

Skiljeark | 67 | 68 | 69 | 70 | 71 | 72

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.03.2005 | Oppdatert:14.01.2021