Aktuell term: mikromobilitet

No image

Språkrådet har nett kåra sportsvaske til årets ord 2021, men på kortlista over aktuelle kandidatar finn vi òg termen mikromobilitet.

Diskusjonen om kva plass elsparkesyklane skal ha i trafikkbiletet, har skapt blest om fenomenet mikromobilitet, ein term brukt om det å flytte seg ved hjelp av små og miljøvenlege transportmiddel som kan brukast av éin eller få personar over korte avstandar.

Transportmidla er ofte elektriske, og ein kan leige dei for eit kortare tidsrom og innanfor eit avgrensa område ved å bruke ei sjølvbeteningsløysing, til dømes ein app.

Mikromobilitet kan kome til å bli ein viktig del av miljøvenleg transport i framtida, og termen har dermed gode sjansar for å etablere seg i norsk. Han er allereie registrert i Det Norske Akademis ordbok (NAOB) og blir brukt både i media og av styresmaktene. Fleire stader blir termen definert som ‘små og ofte elektriske køyretøy’, men frå eit terminologisk perspektiv held ikkje ein slik definisjon mål. Overomgrepet til mikromobilitet er mobilitet, som tyder ‘det å kunne flytte seg’. Ein elsparkesykkel er til dømes ikkje ein måte å flytte seg på, men bruken av han er det.

 

Termen er ikkje heilt ny av året, men han har hatt ein markert auke i bruk i 2021. Bokstavrimet i den samansette termen gjer at ein lett legg merke til han, i tillegg til at han er lett å hugse.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.12.2021 | Oppdatert:16.12.2021