Språkarbeid i det offentlege
Språket i tekstar frå staten skal vere korrekt og klart, og statstilsette skal følgje gjeldande reglar for rettskriving og målbruk. Språkrådet hjelper statsorgan både med klarspråksarbeid og med nynorskarbeid.
Kom i målform, følg reglane i språklova
Lov om språk (språklova) regulerer bruken av nynorsk og bokmål i statstenesta.
Skriv klart, tenk på mottakaren
Stat og kommune gjev informasjon om rettar og plikter. Difor er det viktig at forvaltningsspråket er klart.
- Nettstaden klarspråk.no, med skriveråd, tekstdøme, råd om språkarbeid og språkmoro
- Informasjon om klarspråkskursa til Språkrådet
- Skriveråd frå Språkrådet
Skriv korrekt, sjekk teksten
Språklova seier at offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk.
Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.