Terminologiske tidsskrift
På denne sida finn du ei oversikt over tidsskrift om terminologi og fagspråk. Vi har samla norske, nordiske og internasjonale tidsskrift. Dei aller fleste er fritt tilgjengelege på nettet.
Norske
- Tidsskrift for Den norske legeforening
Legeforeiningas tidsskrift har ei språkspalte som mellom anna tar føre seg medisinsk terminologi og diskuterer korleis han bør skrivast på norsk.
Andre nordiske
- LSP Journal – Language for special purposes, professional communication, knowledge and cognition
LSP Journal er eit tidsskrift med fagfellevurderte artiklar, hovudsakleg på engelsk. Copenhagen Business School – Handelshøjskolen gjev ut tidsskriftet, som kjem ut to gonger i året. - Terminfo
Terminfo er eit tidsskrift om terminologi som blir gjeve ut av Terminologicentralen (TSK) i Finland. Artiklar på finsk har samandrag på engelsk. Tidsskriftet kjem ut fire gonger i året.
Internasjonale
- Debate terminológico
Debate terminológico er eit tidsskrift om terminologi som blir gjeve ut av Det iberoamerikanske terminologinettverket (RITerm). Artiklane er på spansk og portugisisk. Tidsskriftet kjem ut uregelmessig. - Ibérica
Ibérica kjem ut to gonger i året og inneheld fagfellevurderte, akademiske artiklar om fagspråk. Dei fleste artiklane er på engelsk, men nokre på spansk. Det er Den europeiske fagspråkforeininga (AELFE) som står bak tidsskriftet. - Terminàlia
Terminàlia er eit tidsskrift som kjem ut to gongar i året frå den katalanske terminologiforeininga Societat Catalana de Terminologia. Artiklane er på katalansk, spansk og engelsk.
Tidsskrift mot betaling
- eDITion
eDition er eit tidsskrift frå Deutscher Terminologie – Tag e.V. (DTT) og inneheld tyskspråklege artiklar om terminologisk teori og praksis. Tidsskriftet kjem ut to gonger om året. - Terminology
Terminology er eit akademisk tidsskrift med fagfellevurderte artiklar om terminologi i vid forstand. Tidsskriftet kjem ut to gonger i året frå John Benjamins Publication Company.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.