Nynorsk i det offentlege
Gode rutinar er avgjerande for at det offentlege skal kunne veksle godt mellom målformene. Her er eit framlegg til rutinar i arbeidet.
Enkle reglar
Dei interne rutinane for fordelinga av skriftspråka bør vere enkle. Statsorgan som brukar mest bokmål, kan t.d. ha ein regel om at kvar tredje pressemelding skal vere på nynorsk, og tilsvarande reglar for rundskriv, stillingslysingar, annonsar, brosjyrar og andre tekstar.
Språkarbeid er eit leiaransvar
I alle organisasjonar er det leiarar som har det overordna ansvaret for at reglane blir følgde, målbruksreglane er ikkje noko unntak. Det inneber at leiinga frå tid til anna må be om oversikt over fordelinga mellom skriftspråka i tilfanget organisasjonen lagar.
Opplæring og kompetanse
Nye medarbeidarar må få opplæring i regelverket. Leiinga må òg syte for at det finst både bokmåls- og nynorskkompetanse i viktige posisjonar i organisasjonen.
Kvar avdeling må ha ansvar
Hjå store statsorgan med mange avdelingar bør kvar einskild avdeling ha ansvar for å oppfylle krava i språklova, elles blir ansvaret fort pulverisert.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.