Språklege rettar som gjeld bruken av norsk
Juridiske rettar som gjeld norsk, kan grovt delast inn i: retten til å bruke dei to norske språka bokmål og nynorsk og retten til å bruke norsk i kontakt med styresmakter i andre nordiske land.
- Reglane for bruk av nynorsk og bokmål i det offentlege finn du i språklova.
- Reglane for bruk av nynorsk og bokmål i skulen finn du i opplæringslova.
- Reglane for bruk av norsk i kontakt med styresmaktene i eit anna nordisk land finn du i Den nordiske språkkonvensjonen.
Lov om språk (språklova)
Språklova gjev detaljerte føringar for korleis bokmål og nynorsk skal brukast i staten, og overordna føringar og plikter for bruken av bokmål og nynorsk i høvesvis kommunar og fylkeskommunar. Sjå meir på språklov.no.
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
Opplæringslova gjev føringar for bruken av nynorsk og bokmål både i grunnopplæringa og den vidaregåande skulen. Reglane regulerer mellom anna retten til å få læremiddel på eiga målform.
Den nordiske språkkonvensjonen
Den nordiske språkkonvensjonen slår fast at du har rett til å bruke morsmålet ditt i kontakt med styresmaktene i eit anna nordisk land. Det inneber at du som norskspråkleg har rett til å vende deg til styresmaktene i Danmark, Finland, Island og Sverige på norsk.
Du har rett til tolking både ved personleg kontakt og ved omsetjing av skriftlege dokument. Fyrst og fremst gjeld konvensjonen ved kontakt med sosial- og helsevesenet, skulen, arbeidsformidlinga, likningskontoret eller politiet. Kvart nordisk land har ein instans som skal følgje gjennomføringa av språkkonvensjonen. I Noreg er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som har dette ansvaret.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.