Slik lagar du ei termliste
Ei termliste eller ein termbase er heilt nødvendig når du skal forklare termar for andre enn fagfolk, og når verksemda eller fagmiljøet skal fastsetje norske termar for engelske. Termlista er verktøyet som sikrar einsretta og presis bruk av termane i verksemda eller fagmiljøet.
Denne framgangsmåten kan du følgje når du skal lage ei termliste:
1 Førebu deg
- Ta e-læringskurset Begrip begrepene! – eit innføringskurs i terminologi- og omgrepsarbeid
- Studer innføringsheftet Termlosen.
- Kontakt Språkrådet om du treng starthjelp, rettleiing eller kurs.
2 Opprett ei arbeidsgruppe
Gruppa kan ha fem til åtte medlemar med kompetanse om og eigarskap til stoffet.
3 Utform eit mandat
Mandatet bør
- fastsetje formål og målgruppe
- avgrense fagområdet
- fastsetje om termlista skal vere tospråkleg (t.d. engelsk-norsk) eller eittspråkleg (begge målformer)
4 Plukk ut 20–35 termar til kvart arbeidsmøte
Termane kan hentast frå ein utvald tekst, t.d. ei pensumbok, ein rapport, ein artikkel, ei forskrift, ei handbok eller eit anna sentralt fagdokument.
Den som skal plukke ut termane til arbeidsmøtet, bør
- registrere fagorda i kolonnar i eit arbeidsdokument (bruk gjerne denne malen)
- lage eigne kolonnar for kvart språk eller kvar målform
- foreslå kandidatar til norske fagord, om det ikkje finst norske fagord frå før
- leggje til tilhøyrande fagord (overordna, underordna og sideordna fagord, sjå innføringsheftet Termlosen)
- registrere to til fire definisjonar frå kvalitetssikra kjelder (fagordlister, ordbøker, Store norske leksikon, artiklar, lærebøker osb.)
5 Diskuter og fastset termar og definisjonar
I arbeidsmøta går prosjektmedlemane gjennom arbeidsdokumentet, diskuterer og fastset ein tilrådd term for kvart språk og kvar målform.
Den tilrådde termen bør vere treffande og sjølvforklarande, og han bør vere i bruk i fagmiljøet. Om fleire fagord enn det tilrådde er i bruk, kan dei få status som synonym.
Når termen er fastsett, lagar arbeidsgruppa ein kort og presis definisjon som byggjer på prinsippa i Termlosen. Sjå òg Statsspråk 2/2012, temanummer om terminologi.
6 Lag termlista
Registrer fagtermane og definisjonane i ei termliste som er tilgjengeleg for alle, t.d. på ei nettside eller i ein termbase.
Ta gjerne kontakt med Språkrådet om råd eller hjelp før de byrjar, eller undervegs.
Ei meir utfyllande oppskrift tilpassa UH-sektoren finn du i ei eiga rettleiing i terminologiarbeid.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.