Språkteknologi og språk i digitale løysingar
Språkteknologi er ein sentral komponent i digital kommunikasjon og kunstig intelligens.
Språkrådet arbeider for bruk av norsk språk i digitale løysingar og for at norsk språkteknologi skal halde så høg språkleg kvalitet som mogleg.
Kva kan Språkrådet hjelpe med?
Både privat og offentleg sektor kan få råd og rettleiing frå Språkrådet om
- bruk av norsk i digitale løysingar og språkteknologi
- innkjøp og utvikling av norskspråklege digitale produkt og tenester
- korleis ein kan finne, samle inn eller bruke om att språklege grunnlagsressursar til utvikling av språkteknologi (tekst, tale, ordlister, fagtermar)
Grunnlagsressursar for norsk språkteknologi
Språkrådet kartlegg behovet for språkteknologi i det offentlege og finn ut kva grunnlagsressursar som må til for å sikre god digital kommunikasjon på norsk.
Språkrådet arbeider for deling og ombruk av grunnlagsressursane, i både offentleg og privat sektor.
Samarbeid med Språkbanken
Den største samlinga av grunnlagsressursar for utvikling av norsk språkteknologi ligg i Språkbanken hos Nasjonalbiblioteket. Saman med Nasjonalbiblioteket arbeider Språkrådet for at desse ressursane skal kunne dekkje dei behova som oppstår i utviklinga av norsk språkteknologi, og for at ressursane skal bli best mogleg utnytta i dei språkteknologiske løysingane.
Andre samarbeidspartnarar
Språkrådet er med i fleire internasjonale råd og organisasjonar og samarbeider med andre etatar og organisasjonar i inn- og utland. Les meir om samarbeidet og samarbeidspartnarane.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.