Ny rettskrivning 1938
Ny rettskrivning 1938. Bokmål, regler og ordliste. Nynorsk, regler og ordliste. Utgitt av Kirke- og undervisningsdepartementet. Olaf Norlis Forlag. Oslo
Bokmål | Nynorsk |
![]() |
![]() |
Om reforma
Stortinget gjorde i 1934 vedtak om at det skulle nedsetjast ei departemental nemnd som skulle kome med framlegg om «1. ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn mellom dei to måla i rettskriving, ordformer og bøyingsformer, 2. ei avgrensing av dei mange dobbeltformene (obligatoriske – valfrie) som no finst i båe måla». Kyrkje- og undervisningsdepartementet nedsette så eit utval med desse medlemmene:
- Bokmål: professor Ragnvald Iversen (formann), forfattar Johan Bojer, stortingsmann Gustav Natvig-Pedersen.
- Nynorsk: professor Arne Bergsgård, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland, professor Halvdan Koth.
Nemnda leverte tilråding i 1935. Innstillinga vart gjord offentleg 8. januar 1936. Reaksjonane var sterke på begge sider. Både Noregs Mållag og riksmålsrørsla sette ned utval til å vurdere framlegga. Nemnda frå Noregs Mållag avviste i det store og heile framlegget som altfor tilnærmingsvennleg. Riksmålsutvalet gjekk klart imot den stillinga som talemålet til folkefleirtalet hadde fått i framlegget.
På grunnlag av desse og andre merknader utarbeidde nemnda og departementet ei tilleggstilråding. I nynorsk vart til dømes i-former tekne inn att som sideformer.
Den nye rettskrivinga vart vedteken av Stortinget i 1937 med 112 mot 37 røyster og tok til å gjelde hausten 1938. Mange av dei radikale formene frå 1917 vart no hovudformer. Tanken var at dei skulle byggje bru mellom bokmål og nynorsk.