Høyring om fellesoffentlege omgrep

(5.10.20) Språkrådet sender forslag til definisjonar av fellesoffentlege omgrep på høyring. Høyringsfristen er 26. oktober.

Fellesoffentlege omgrep er sentrale og generelle omgrep som blir brukte på tvers av ulike fagområde og bruksområde i offentleg sektor. Desse omgrepa blir ofte brukte som overomgrep i definisjonar av andre og meir fagspesifikke omgrep. Difor er det uheldig om ulike verksemder definerer omgrepa ulikt. Målet er å bli einige om definisjonane.

Nedanfor finn de høyringsnotatet, som inneheld

  • meir informasjon om kva fellesoffentlege omgrep er
  • informasjon om korleis Språkrådet og Digitaliseringsdirektoratet har arbeidd med definisjonane av fellesoffentlege omgrep
  • forslag til definisjonar som Språkrådet ønskjer innspel til

Nedanfor finn de dessutan ein mal som vi ber om at de bruker dersom de har kommentarar og forslag til endringar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.10.2020 | Oppdatert:05.10.2020