Hjelp, det er skule og jobb igjen!

No image

(19.8.22) Ferien er ubønhøyrleg over. Har tankeverksemda gått på låggir og språkføringa vorte ferieslapp i sommar? Vi kan hjelpe deg med å kome i gang og kanskje få eit lite forsprang.

Å skrive Facebook-oppdateringar frå stranda og postkort til bestemor frå ein fortauskafé på storbyferie i juli er noko ganske anna enn å svare på e-post frå ein viktig samarbeidspartnar eller skrive svarbrev som saksbehandlar i august. Når du set deg på kontorstolen, oppdagar du kanskje at klarspråksprinsippa som stod så klart for deg i vår, har bleikna i sommarsola, og at rettskrivingskunnskapane dine har hamna i skuggen. Her får du ei samling verktøy som hjelper deg i gang ved tastaturet etter sommaren.

Det mest generelle og praktiske verktøyet vi har å by på, er Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Her finn du fasit på kva som er offisiell rettskriving i Noreg. Du kan lese om kva ord tyder, korleis dei skal stavast og bøyast, og litt om kvar dei kjem frå.

Treng nynorsken din ei real oppfrisking? Da kan du prøve nettkursa våre.

Arbeider du med fagspråk og terminologi? Da kan du ta e-læringskurset vårt.

Har du ansvar for stadnamnsaker i kommunen? Vi har eit kurs til deg også!

Klarspråk er i vinden som aldri før. Kanskje på tide å finne ut litt meir om kva det er?

Jobbar du i ein fylkeskommune eller kommune? Ting eit gratis lynkurs om språklova!

Har du eit språkspørsmål? Det er stor sjanse for at nokon har spurt om det same.

Elles kan vi by på språkleg rettleiing innanfor ei rekkje tema på nettsidene våre:

Om du ønskjer nyheiter og stoff frå Språkrådet, kan du melde deg på eit av nyheitsbreva våre.

 

Lykke til med jobb og skule i haust!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:19.08.2022 | Oppdatert:27.06.2023