Årets teikn 2022

No image

(14.2.23) Sverige og Danmark har kåra årets teikn dei siste åra. No skal Språkrådet i Noreg kåre årets teikn i norsk teiknspråk, og du kan bli med og nominere kandidatar.

Har du eit favoritteikn for 2022? Er det eitt teikn som seier alt om året som gjekk, eller som blei brukt meir eller på nye måtar dette året? Nominer teiknet som kandidat til årets teikn 2022. Framlegget ditt må oppfylle minst eitt av desse kriteria:

  • Teiknet særmerkjer 2022.
  • Teiknet er nytt for deg.
  • Du synest teiknet er spennande!

Send framlegget til post@sprakradet.no med ei forklaring på kva teiknet tyder, og kvifor du har valt det. Fortel kven du er, og korleis vi kan kome i kontakt med deg.

Juryen består av Marte Kvinnegard frå Norges Døveforbunds Ungdom, Niels Kristensen frå Norges Døveforbund, Johanna Asprusten frå Ål folkehøyskole og kurssenter for døve og Sonja Myhre Holten frå Språkrådet.

Fristen for å sende inn framlegg er 17. mars.

Årets teikn blir offentleggjort den 25. mars, på den nye nasjonale teiknspråkdagen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.02.2023 | Oppdatert:27.04.2023