Boklov for minoritetsspråk?

No image

(4.1.23) Kvensk, romani og romanes er sterkt truga språk som Noreg har plikt til å verne og fremje. Difor må dei òg bli omfatta av den nye boklova.

Debattinnlegg i Dagsavisen
Åse Wetås, direktør i Språkrådet
Sigmund Løvåsen, rådsleiar i Kulturrådet

Formålet med framlegget til ny boklov er å skape gode vilkår for den norsk- og samiskspråklege litteraturen. Blir dei nasjonale minoritetsspråka inkluderte i lova, vil det bidra til framvekst og tilgjengeleggjering av litteratur på dei minste og mest truga språka våre.

Litteraturpolitikk er òg språkpolitikk

Boklova er eit viktig språkpolitisk tiltak, og lova skal gi oss som bur i Noreg, eit større mangfald av bøker på eige språk enn det ein uregulert marknad ville gitt. Det inneber mellom anna at nye bøker får fastpris i ein periode, at alle forlag må levere bøker til alle bokhandlarar og bibliotek, og at alle bokhandlarar må skaffe bøkene kundane ber om. Dette blir i lova kalla skaffe- og leveringsplikt.

Boklova skal sikre at innbyggjarane har lik tilgang til bøkene dei ønskjer å lese, frå kva (nett)butikk som helst, og lik tilgang til bøker på bokmål, nynorsk og dei samiske språka. Denne tilgangen bør òg gjelde litteratur skriven på dei nasjonale minoritetsspråka. Målet må vere at ein kan gå inn i ein bokhandel kor som helst i landet og be dei bestille ei bok på kvensk, og at ein kan lytte til litteratur på sitt eige språk i alle dei etablerte strøymetenestene.

Litteraturen har ein svært viktig funksjon i arbeidet med å halde språk levande og vidareføre dei til nye generasjonar. Som døme vil me trekkje fram den store satsinga på sørsamiske barnebøker. Ikkje berre blir det gitt ut bøker som er skrivne originalt på sørsamisk, det har òg vore satsa på omsetjing av populære bøker og teikneseriar som Gruffele (Gruffalo) og Tjalle Tjååtsele (Donald Duck). Resultata av dette arbeidet har, saman med andre tiltak, gjort at det sørsamiske språket har lysare framtidsutsikter no enn for få år sidan.

Kvensk, romani og romanes står svakt når det gjeld skrifttradisjonar og litteratur. Det gjer det særleg viktig at desse språka får ta del i dei sterke strukturelle tiltaka som norsk og samisk får med boklova.

Minoritetsspråka

Den nye språklova tok til å gjelde i fjor. Lova slår fast at kvensk, romani og romanes er kulturelt og språkleg likeverdige med norsk, og at det offentlege har eit særleg ansvar for å verne og fremje desse språka.

Kvensk er eit finsk-ugrisk språk som vart anerkjent som eit eige språk av den norske staten i 2005. Det er truleg mellom 2000 og 8000  personar som snakkar kvensk, og språket har eit kjerneområde i Nord-Troms og Finnmark.

Språka romani og romanes er i slekt med kvarandre, men blir brukte av kvar si minoritetsgruppe. Romani er språket til taterane, eller romanifolket, og romanes er språket til romane. Romani er eit kritisk truga språk. Så langt me kjenner til, er det berre nokre få personar som kan føre lange samtalar på språket, og som skriftspråk er romani tilnærma usynleg. Romanes står sterkare munnleg, sidan dei fleste romske borna i Noreg veks opp med romanes som morsmål. Det finst svært lite skriftleg bruk. I dagens skriftspråksamfunn vil munnleg overførte språk vere særleg utsette for språkdød. Når morsmålsbrukarane ikkje møter sitt eige språk i skrift, får dei for lite støtte til språkbruken sin.

Det at alle dei norske minoritetsspråka i dag er truga som språk og manglar skriftspråkleg standardisering og bruk, kjem i stor grad av den fornorskingspolitikken som Noreg tidlegare har ført overfor minoritetane som har desse språka som hjartespråk. Den norske staten har eit særleg ansvar for at desse språka ikkje berre overlever, men at dei kan bli vitaliserte og tekne i bruk av fleire som ønskjer det.

Utestengde minoritetsspråk?

Kvensk er ungt som skriftspråk. Ei eiga kvensk rettskriving har først vorte utvikla i løpet av dei siste to–tre tiåra, og ein eigen kvensk litteratur kom først med romanane og diktsamlingane til Alf Nilsen-Børsskog, som debuterte med romanen Kuosuvaaran takana i 2004.

Det er gitt ut nokre få bøker på romanes i Noreg, mellom anna ei eventyrsamling, ei kokebok og læreboka ABC romani shib. For romani kjenner me berre til éi utgiving, boka Vandriane rakkrar – taterne forteller / taterane fortel frå 2015.

Både Språkrådet, Kulturrådet og Kulturdirektoratet rår over ordningar som gir støtte til dei nasjonale minoritetane og språka deira, medrekna litteraturen til minoritetane. Men desse ordningane aleine er langt ifrå nok til å gi desse språka det løftet dei treng. Støtteordningane våre blir òg mindre verksame om litteraturen på dei nasjonale minoritetsspråka skal ha dårlegare marknadsvilkår enn litteraturen på dei større norske språka.

Om kvensk, romanes og romani ikkje får bli ein del av boklova, vil det vere å leggje ekstra hindringar i vegen for at desse språka skal kunne revitaliserast og styrkjast som kulturuttrykk – hindringar som boklova og litteraturpolitikken allereie skal sikre at norsk og dei samiske språka ikkje møter.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.01.2023 | Oppdatert:04.01.2023