Elevane treng både «lærere» og «lærarar»

No image

(27.11.23) Kva skal til for at alle elevar skal få like god språkopplæring i skulen? Nøkkelen ligg hjå lærarane og i lærarutdanninga. Ei ny undersøking viser at nynorsken står svakt i lærarutdanningane.

Over 70 000 elevar i Noreg skal ha undervisning og oppfølging på nynorsk i alle fag, ikkje berre i norskfaget. Rapporten frå undersøkinga viser at mange lærarstudentar kan fullføre studia utan å bli vurderte i nynorsk.

– Eit viktig funn i rapporten er at studentar som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin, seier Ida Marie Jegteberg, som leidde undersøkinga. Jegteberg er stipendiat ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

– Ifølgje emneplanane vi har undersøkt, må ikkje studentane som tek praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og lektorutdanning i andre fag enn norsk, skrive på nynorsk på noko tidspunkt gjennom utdanninga si. Og desse studentane utgjer ein ganske stor del av lærarane i framtida.

Ulik testing av kompetansen

Dersom utdanningsinstitusjonane i det heile testar nynorskkompetansen til studentane, gjer dei det i hovudsak ved heimeeksamen, viser undersøkinga. Det er altså ein testsituasjon utan tilsyn. Bokmålskompetansen, derimot, blir testa ved skuleeksamen.

Språkdirektør Åse Wetås minner om det språkpolitiske ansvaret som Kunnskapsdepartementet sit med.

– Språklova gjev det offentlege eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Opplæringssektoren står i ei særstilling i arbeidet med å sikre norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde.

Sjå debattar om språk i lærarutdanninga

27. november blei rapporten lansert på eit nettseminar med spennande fag på timeplanen og to munnlege gruppeoppgåver.

 

Kontakt:

Margrethe Kvarenes, avdelingsdirektør i Språkrådet, tlf. 94 89 47 89

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.11.2023 | Oppdatert:27.11.2023