Kåring av dei beste europeiske masteroppgåvene

No image

(24.10.23) Den europeiske samarbeidsorganisasjonen for språknemnder, EFNIL, skal kåre dei tre beste masteroppgåvene i Europa innanfor emna språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit. Studentar blir oppfordra til å sende inn oppgåvene sine og delta i konkurransen.

EFNIL ønskjer å fremje forsking på språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit, og vil at viktige forskingsresultat skal nå eit større publikum. Denne konkurransen skal motivere unge forskarar til å engasjere seg i forsking og formidling på området.

Dei tre studentane som sender inn dei tre beste oppgåvene, mottar EFNILs masteroppgåvepris (1 500 euro) og får høve til å presentere masteroppgåva på årskonferansen til EFNIL (alle utgifter blir dekte). Vinnarane kan få publisert kvar sin artikkel basert på masteroppgåva saman med dei andre artiklane frå årskonferansen. I tillegg får dei sjansen til å publisere heile masteroppgåva på nettsida til EFNIL: www.efnil.org.

Frist for innsending er 15. januar 2024.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.10.2023 | Oppdatert:24.10.2023