Milepæl for norsk terminologiarbeid

No image

(12.9.23) Termportalen, ein nasjonal portal for terminologi, er offisielt opna i Bergen.

AV HEGE KAMBO GROV

Marita Kristiansen– Me vil bidra til å sikra ei systematisk utvikling over tid, og at termar på både bokmål og nynorsk blir utvikla og delt i forskingsmiljøa i takt med den internasjonale utviklinga i faga.

Det seier Marita Kristiansen, fagleg leiar av Termportalen, etter eit vellukka arrangement på Humaniorabiblioteket ved Universitetet i Bergen.

Termportalen vart offisielt opna 8. september ved Universitetet i Bergen under arrangementet «Frå ord til handling: Tid for terminologiarbeid i akademia».

Ikkje vaffelsteiking

Dei nye føringane i handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia vart kommentert og diskutert av eit panel i første del av programmet.

Rektor ved UiB Margareth Hagen understrekar at språkrøkt i akademia no må få prioritet.

– Det er tid for handling, og språkrøkt er handling, eit arbeid. Og det er eit arbeid som må utførast av folk som har kompetanse til å gjera det.

Hagen ønskjer også å slå eit slag for omsetjing av vitskaplege artiklar.

Debattmoderator Siri Kleiven Strøm peikar på at delar av terminologiarbeidet ved Termportalen er avhengig av dugnadsarbeid og lurer på om det vert vanskeleg å motivera akademikarar til å bidra. Paneldeltakar Erlend Hem, professor ved universitetet i Oslo, meiner at gode insentiv er nøkkelen.

– Viss det vert lagt til rette for det, vil både studentar og tilsette bidra.

Språkrådsdirektør Åse Wetås er samd i at terminologiarbeidet har vore avhengig av eldsjeler, men åtvarar mot å bruka ordet dugnad i denne samanhengen.

– Dette er ikkje dugnadsarbeid på linje med vaffelsteiking. Det er krevjande arbeid som krev spesifikk kompetanse og som fortener kompensasjon.

Norsk berre til heimebruk?

«Det finst ikkje kunnskap utan termar» er eit av slagorda til TERMCAT, the Catalan Centre for Terminology. Prosjektleiaren, Sandra Cuadrado, fortalde om arbeidet dei gjer via skjerm under seminaret. TERMCAT, som har lang fartstid i termarbeid, har over ein periode delt erfaringane sine med dei tilsette ved Termportalen.

Det er likevel Noreg som har leiartrøya på når det gjeld nordisk termarbeid. Det hevda Henrik Nilsson, president i EAFT (den europeiske terminologiforeininga) som løfta fram verdien av termsamarbeid på nasjonalt plan. Han stilte spørsmål om kva som vil skje med det norske språket dersom det ikkje vert gjort eit terminologiarbeid.

– Vert norsk berre eit språk til heimebruk? spurde han retorisk.

Ein milepæl

Åse Wetås avslutta dagen med nokre funderingar rundt Termportalens plass i eit større bilete.

– Termportalen skal bidra til å nå det overordna målet om at norsk skal vera det samfunnsberande språket i Noreg.

Termportalleiar Kristiansen er godt nøgd med opninga.

– No har me endeleg eit nasjonalt fagmiljø som arbeider for norsk fagspråk og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Det er ein milepæl!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.09.2023 | Oppdatert:18.09.2023