Norsklærar? Bidra med viktig kunnskap om norskfaget!

No image

(29.8.23) Språkrådet ønskjer å vite meir om språk- og skriveopplæringa i norskfaget. Vi gjennomfører difor ei landsdekkjande undersøking som både vil danne grunnlag for Språkrådets arbeid på skulefeltet, bidra til forsking og skuleutvikling og gje nyttig kunnskap for lærarar og skular. Jo fleire som deltek, jo meir verdifulle blir resultata.

I starten av august sende Språkrådet ut ei spørjeundersøking til grunnskulane i Noreg. Har du som norsklærar fått og svara på ho?

Vi inviterer norsklærarar i grunnskulen til å bidra i undersøkinga. Bakgrunnen er dei store endringane som har skjedd på utdanningsfeltet dei siste åra, og dei omveltingane som nye medium og kommunikasjonsformer fører med seg for barn og unge. Vi treng meir kunnskap om språk- og skriveopplæringa, både i sjølve norskfaget, som verktøy for læring i andre fag, og som grunnlag for deltaking i eit mangfaldig, tekstbasert samfunn.

Resultata frå undersøkinga vil gje innsikt i korleis norsklærarar opplever arbeid med språk og skriving i grunnskulen. Dei vil kunne bidra til utvikling av norskfaget og vidare til utdanning av trygge skrivarar og språkbrukarar.

Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid med Instituttet for lærarutdanning ved NTNU og Oslo Economics og er eit ledd i Språkrådets arbeid for eit sterkt norskfag. I dette arbeidet er vi heilt avhengige av innblikk i norsklærarane sine erfaringar. Spørsmåla er utforma slik at dei kan bidra til refleksjon over eigne undervisningspraksisar. Såleis kan undersøkinga også danne grunnlag for vidare diskusjon om og utvikling av undervisninga på skulen.

Det tek om lag 15 minutt å svare på spørsmåla, og ein kan nytte både PC, mobil og nettbrett. Alle som deltek i undersøkinga, svarer anonymt. Svarfristen er 15. september 2023.

Undersøkinga er tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk. Klikk på ønskt versjon:

Vi set svært stor pris på at du deltek i undersøkinga!

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med seniorrådgjevar Helene U. Karlsen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.08.2023 | Oppdatert:31.08.2023