Årets teikn 2023

No image

(3.1.24) Språkrådet skal kåre årets teikn 2023 i norsk teiknspråk. Du kan bli med og foreslå teikn!

Har du eit favoritteikn for 2023? Er det eitt teikn som seier mykje om året som gjekk, eller som blei brukt meir eller på nye måtar dette året? Nominer teiknet som kandidat til årets teikn 2023. Framlegget ditt må oppfylle minst eitt av desse kriteria:

  • Teiknet særmerkjer 2023.
  • Teiknet er nytt for deg.
  • Du synest teiknet er spennande!

Send framlegget til post@sprakradet.no med ei forklaring på kva teiknet tyder, og kvifor du har valt det. Fortel kven du er, og korleis vi kan kome i kontakt med deg.

Fristen for å sende inn framlegg er 4. mars 2024. Årets teikn blir offentleggjort på den nye nasjonale teiknspråkdagen 25. mars kl. 13.00.

NB! Feil årstall for fristen blir vist i videoen, riktig årstall er 2024.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.01.2024 | Oppdatert:03.01.2024