Framtidsutsikter for norsk språk

No image

(14.2.24) Korleis kan me sikra at bruken av KI-teknologi med generative språkmodellar vil støtta opp om den norske språkpolitikken og språka våre? Teknologien må ikkje bli eit trugsmål mot språkmangfaldet og mot eigarskapen vår til norsk som fellesspråk.

TEKST: Åse Wetås, direktør i Språkrådet | Ingrid Vad Nilsen, styreleiar i Språkrådet

Språk og teknologi for alle

Språkrådets strategi prioriterer dei tre områda nynorsk, språkteknologi og kunnskapssektoren. I lys av utviklinga av allment tilgjengelege KI-baserte generative språkmodellar i 2023 ser Språkrådet at den samla innsatsen på desse felta må intensiverast i åra som kjem. Etterspurnaden etter gode digitale språkdata for norsk vil bli endå større, og behovet for utvikling av norsk fagspråk og terminologi vil auka i både privat og offentleg sektor. Med KI-teknologien blir språkdata ein viktig strategisk ressurs, både for at Noreg skal kunna byggja generative språkmodellar som formidlar norsk kultur og norske haldningar, og for at det skal vera mogleg å utvikla domenespesifikke KI-verktøy til å effektivisera prosessar og gjera konkrete produkt og tenester betre. Derfor meiner Språkrådet at språkdata for framtida må definerast som datasett av særleg høg strategisk verdi («high-value datasets», HVD) for Noreg.

Dei store, statistisk baserte språkmodellane stiller språkmangfaldet i Noreg og dei mindre bruka språka våre overfor nye trugsmål. Frå tidlegare er det godt kjent at språkteknologi forsterkar forskjellane mellom store og små språk. Med desse nye allmenngjorde teknologiane må me derfor i tida framover trappa opp den språkpolitiske innsatsen for å motverka marginalisering og dårlegare vilkår for dei minste språka.

Frå lov til liv

I 2023 kunne den sektorovergripande norske språkpolitikken feira sine første 15 år. Proposisjonen til språklova (Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk) slår fast følgjande:

Alle departement skal ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Å følgja opp språkpolitikken skal vera ei fast oppgåve i alle sektorområde under Kultur- og likestillingsdepartementet, og arbeidet skal ikkje vera avhengig av eksplisitte bestillingar i tildelingsbrev eller av særfinansiering frå departementet. Språkrådet ser at staten har ein lang veg å gå. Det heng stadig att ei førestilling om at den norske språkpolitikken først og fremst inneber at statsorgana skal veksla mellom bokmål og nynorsk etter nærare utforma reglar, og det er langt fram til målet om at verksemdene tek omsyn til språkpolitikken når dei utformar sektoroppgåver.

Hovudføremåla med språklova og språkpolitikken er å styrkja norsk som nasjonalspråk og samfunnsberande språk, å fremja likestilling mellom bokmål og nynorsk og å sikra vern og status for alle språka Noreg har eit særleg ansvar for. Oppfølginga av språkpolitikken er avhengig av at alle statlege verksemder har gode språkplanar, og at dei har høvelege indikatorar for å måla effekten av tiltak. Verksemdene må ha god systematikk i arbeidet og må byggja kompetansen dei treng.

Det er stort behov for sektorspesifikke rettleiarar til oppfølginga av det språkpolitiske ansvaret. Dessutan er det viktig å få på plass forskrifter til språklova, som kan tydeleggjera verkeområdet til lova og gjera etterlevinga betre. Med ressursane Språkrådet har til rådvelde i dag, er det vanskeleg å få løfta statens samla språkpolitiske innsats slik at han er i tråd med føringane og bestillingane frå Stortinget.

Offentleg sektor pliktar å følgja opp måla for språkpolitikken. Språkrådet ser at det i tida framover er behov for meir kunnskap i heile sektoren om at dette ansvaret òg gjeld når offentlege verksemder set oppgåver ut på anbod eller samarbeider med private og frivillige aktørar.

Ein kunnskapsbasert språkpolitikk for framtida

Språkrådets oppgåver er mellom anna å følgja opp lovverk og vedteken politikk på språkfeltet, å driva saksbehandling og tilsyn i tråd med regelverka, å forvalta dei to norske skriftspråksnormene og å gje relevant rettleiing til offentlege organ. Oppfølginga av språkpolitikken må vera kunnskapsbasert. Men fagområda i kjernen av kunnskapsgrunnlaget for slik oppfølging – som terminologi, leksikografi, stadnamngransking, språkteknologi og språkplanlegging – lid av ein stadig meir påtrengjande mangel på forskings- og utviklingsarbeid. Språkrådet meiner derfor at Kunnskapsdepartementets annonserte utlysing av eit forskingssenter for norsk språk er svært viktig, både for utvikling av nødvendige språkressursar (ordbøker, grammatikkar, termsamlingar og andre grunnleggjande språkverktøy) og for utdanning av fagspesialistar i norsk og dei andre språka den norske språkpolitikken omfattar.

I tillegg til at det blir etablert eit slikt stabilt fag- og forskingsmiljø for norsk språk, treng Språkrådet ressursar til å utføra samordnings- og rettleiingsoppgåvene sine. Det viser rapporten Et samfunnsbærende språk. Utredning om organisering av et fast forsknings- og utviklingsmiljø for norsk språk, som Telemarksforsking overleverte Språkrådet i juni 2023. Rapporten inneheld eit framlegg om ei styrking av Språkrådet i form av ei avdeling eller eit kompetansemiljø som kan samordna statens forskingsbehov på språkpolitikkfeltet, gjera kunnskapen tilgjengeleg og arbeida systematisk med innsikts- og analysegrunnlag for den sektorovergripande politikkoppfølginga. Språkrådet meiner dette vil vera eit viktig grep. I budsjettsøknaden for 2025 har Språkrådet derfor søkt om tilskot til eit utviklingsprosjekt på dette området.

Framtidsutsiktene for norsk språk

I verdssamanheng er norsk eit stort og livskraftig språk, og med den norske språklovgjevinga står nasjonalspråket vårt sterkare enn mange andre språk i verda. Samstundes ser me presset frå engelsk tydeleg på mange samfunnsområde. Det gjeld i akademia, i kultur- og medietilbodet til barn og unge og i digitale ressursar og verktøy til bruk i skule og opplæring. Det gjeld òg i delar av næringslivet, og Språkrådet får mange spørsmål frå innbyggjarar om bruk av engelsk i marknadsføring og annonsering som er retta mot den norskspråklege offentlegheita. Språkrådet har over tid mangla ressursar til å arbeida systematisk på arbeids- og næringslivsfeltet. Det er svært uheldig for den samla språkpolitiske måloppnåinga, sidan språkbruken i offentleg, privat og frivillig sektor heng saman.

Det er ingen grunn til å frykta at det norske språket skal døy, men det er dessverre tydelege tendensar til domenetap og til at norsk språk er for lite synleg på samfunnsområde med høg status. Dersom norsk skal vera eit samfunnsberande språk med høg status også i framtida, må me leggja til rette for god norskopplæring i skulen. Me må stilla tydelege krav om at offentleg sektor oppfyller språkpliktene sine. Dessutan må me oppmoda og hjelpa norsk næringsliv og frivillig sektor til å delta i arbeidet med å ta vare på språket vårt. Framfor alt treng me rask og resolutt innsats for å sikra at bruk av KI-språkmodellar kan støtta opp om norsk og dei andre språka Noreg har særleg ansvar for. Teknologien må ikkje bli eit trugsmål mot språkmangfaldet og mot eigarskapen vår til norsk som fellesspråk.

 

Ein versjon av teksten blir òg publisert i Årsrapport 2023 på språkrådet.no i mai 2024.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.02.2024 | Oppdatert:14.02.2024