Ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar (søknadsfristen er ute)

No image

(23.2.24) Vil du hjelpe oss i arbeidet med å følgje opp språklova og språkpolitikken? Har du erfaring med informasjons- og rettleiingsarbeid som har gitt god effekt? Då kan du vere den Språkrådet leitar etter.

I avdelinga for språk i skole og offentleg forvaltning har vi ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med ansvar for rettleiing og tilsyn etter språklova. Avdelinga har mellom anna ansvar for å rettleie offentlege organ om korleis dei skal etterleve språklova, og for tilsynet med bruk av bokmål og nynorsk i det offentlege.

Søknadsfrist: 17. mars 2024

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.02.2024 | Oppdatert:19.03.2024