Meir nynorsk med kompetanse, engasjement og vilje

No image

(13.2.24) Digitaliseringsdirektoratet og Statens vegvesen er to av 150 statsorgan som i desse dagar held på med å rapportere inn bruken av nynorsk og bokmål i ulike kanalar til Språkrådet. Vi har teke ein prat med dei to organa om korleis dei arbeider med nynorsken – særleg i månaden november!

Anne There Tøsse GjerløwAnne Therese Tøsse Gjerløw er nettredaktør for digdir.no, hovudnettstaden til Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Direktoratet har fleire andre nettstader, som UU-tilsynet, Samarbeidsportalen og Altinn. Redaktørane har eit godt samarbeid seg imellom.

– Vi har eit samarbeidsforum der dei ansvarlege for dei ulike kanalane våre deltek. Digdir har avdelingar i Oslo, Leikanger og Brønnøysund. Særleg på Leikanger er det eit sterkt nynorskmiljø. Vi har både kompetanse, engasjement og vilje til å skrive meir nynorsk. Likevel sleit vi med å få folk til å tenkje over bruken av nynorsk. I fjor fekk vi ein idé om å laga ein kampanje i november. Nynorsk-november var eit tiltak for å få merksemd og engasjement – i tillegg til å bidra til det løpande arbeidet med nynorsk.

Kva aktivitetar hadde de i løpet av den nynorske novembermånaden?

– Det aller meste av kommunikasjonen både internt og eksternt var på nynorsk. Internt brukte vi humor for å vekkje merksemd, mellom anna photoshoppa vi nokre bilde med nynorskeffektar, vi hadde nynorsk tekst på alle infoskjermane i lokala våre, og vi hengde opp utskrifter der det stod «god morgon». Vi hengde opp litt ulike ting frå veke til veke, mellom anna teikneseriar og poesi. Vi forsøkte å gjera kampanjen inspirerande med vennlege dytt og påminningar.

– Det er viktig for oss å etterleva språklova. Difor sende vi også ut informasjon om korleis vi låg an når det gjaldt bruken av bokmål og nynorsk. Elles hadde vi konkurransar, og vi kåra ein nynorskmeister som fekk ein pokal i premie.

Kva syntest dei tilsette om nynorskmånaden?

– Kollegaer har sagt til meg at dei syntest det var gøy, og dei likte veldig godt at det hang poesi på veggane! Dei syntest det var inspirerande, og dei likte at vi brukte gulrot i staden for pisk. Elles merka vi at folk er svært villige til å hjelpe kollegaene sine; alle strekkjer seg langt for at andre skal bli gode. Vi kjem nok til å halde fram med nynorskmånaden kvart år.

Kva effekt hadde kampanjen?

– Vi klarte å auke nynorskdelen av det samla innhaldet på nett med eitt prosentpoeng, så det var fint å sjå at kampanjen hadde ein effekt. Det er ei god tilnærming å bli utsett for meir nynorsk i kvardagen.

Korleis arbeider de med nynorsk resten av året?

– Vi har ein direktør og ein kommunikasjonsdirektør som begge skriv mykje nynorsk, og som er opptekne av språklova. Vi har eit sterkt nynorskmiljø i Leikanger. Mellom anna sit UU-tilsynet der, og det er eit stort utviklarmiljø med tilsette som har høg kompetanse i nynorsk. Nynorskarbeidet er forankra i heile organisasjonen, frå direktør til kundesenter. Vi følgjer med på korleis vi ligg an med nynorskprosenten vår til kvar tid. Vi kartlegg kva kompetanse og kva hjelpemiddel vi har. Vi hjelper dei som lagar innhald til nettsidene våre, og vi prøver å auke medvitet hjå alle skribentar.

På god veg med nynorsken

Også Statens vegvesen har valt seg november som nynorskmånad. Satsinga medverka til å skapa blest rundt nynorsk internt, og Vegvesenet gjennomførte ei rekkje tiltak både for å inspirere og informere, seier Henriette Busterud, som er med i språkgruppa i Statens vegvesen.

– Dugnadsstemninga blant oss som jobbar med kommunikasjon, har vore god. Dette har vore både morosamt og inspirerande å jobbe med, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar.

– Vi har mellom anna publisert alle interne nyheiter på nynorsk, vi hadde ti temaartiklar om nynorsk på intranettet og ein video om å vera medviten om språkkrava i regelverket. Det var nynorsk tekst på infoskjermane på kontorstadene, og vi hadde eit innlegg for leiarane om nynorsk-krav. I tillegg hadde vi minikurs for kollegaer, vi sende ut pressemeldingar og publiserte på Facebook på nynorsk.

Kva resultat hadde nynorskmånaden?

– Eg trur det har gjort mange meir medvitne om bruk av nynorsk. Vi har iallfall hatt bra engasjement rundt interne språksaker, og rundt 700 medarbeidarar svarte på ein nynorsk-kviss! Fleire ber om råd for nynorskarbeidet og hjelp til språkvask. Vi er i gang med å omsetja fleire sider til nynorsk på vegvesen.no. Eg kan også nemne at Facebook-sida «Bilen min» hadde ein nynorskdel på 25 prosent i fjor takk vere medviten innsats. Vi har eit langt nynorsklerret å bleike, men vi er godt i gang!

 

Illustrasjon: Statens vegvesen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.02.2024 | Oppdatert:13.02.2024