Frå Ibn Ahmad til Abu Ummar: om arabiske namn og tradisjon

AV KNUT S. VIKØR

I studietida arbeidde eg med biografien til ein islamsk lærd frå Marokko. Han studerte hos ein viktig teolog og reformator som heitte Ahmad ibn Idris al-Fasi. Men då eg begynte å lese skriftene til den lærde mannen, syntes eg det var pussig at han nesten aldri refererte til denne læraren. Han skreiv tjukke bøker om alle teologane og dei lærde som han hadde studert saman med, men Ahmad var ikkje mellom dei. Derimot hadde han å sjå til eit nært forhold til ein annan lærd teolog, ein som heitte Abu al-Abbas al-Ara’ishi. Han var derimot heilt ukjent frå andre kjelder, og eg brukte mye tid på å prøve å finne ut noe om denne ukjente teologen.

Heilt til eg kom over noen nye biografiske kjelder om denne Ahmad ibn Idris. For, viste det seg, han var slett ikkje fødd i Fez, som namnet al-Fasi skulle tyde på – han hadde berre budd der i noen år. Han kom i staden frå ein liten landsby nær Larache ute ved kysten. Da gjekk det eit lite lys opp for meg, for den arabiske forma for Larache er al-Ara’ish. Og dei som heiter Ahmad, får ofte tilnamnet Abu al- Abbas. Så Ahmad ibn Idris al-Fasi og den mystiske Abu al-Abbas al-Ara’ishi var same mannen. Ingen av desse namna var «kjælenamn» eller noe slikt, begge var fullverdige og komplette namn, på same personen, sjølv om ikkje noe element i det eine namnet kan finnas att i det andre.

Vi er jo, iallfall i det moderne Noreg, vant til at namn er noe relativt permanent og einskaplig som følgjer ein person gjennom livet, om enn ein kan sjonglere noe med mellomnamn og familienamn. I den arabiske tradisjonen, derimot, er det betre å sjå på eit namn som ein sum av namnekjelder der ein person kan hente element og sette saman ei nemning som han anten kan bruke alltid, eller endre på, eller ta noen delar inn eller ut av etter ønske og behov. Det er ofte meir ei beskriving av aspekt ved personen enn eit substitutt for eit totalt individ.

Eigennamnet: ism

Om vi ser på dei ulike komponentane («modulane») som til saman kan utgjere eit namn, er det mest basale sjølve eigennamnet, ism på arabisk, som alltid berre er eitt enkelt namn. Trass i ein rik flora av eigennamn ser vi at noen få eigennamn går att mye oftare enn andre, særlig dei som er knytt til islams oppkomst. Det langt mest brukte mannsnamnet er Muhammad, etter profeten.

Muhammad betyr «den lovpriste». Mange andre eigennamn er avleidd av same innhaldet. Dei mest brukte er Ahmad, Mahmud, Hamid, Humayd, Hamdan, og det fins fleire. Som ein ser, har desse namna dei tre konsonantane h-m-d felles, og dette er den meiningsberande delen av orda, og den heng saman med «å prise». Formene rundt – vokalane, prefiks som Mu- eller Ma-, suffiks som -an – presiserer innhaldet: «den mest priste», «den prisverdige», «den som priser [Gud]», osv.

Andre mye brukte eigennamn er tilnamn som vart lagt til profeten, forutan Ahmad også Mustafa, «den utvalde ». Andre eigennamn har ikkje noe religiøst innhald, men dei vart brukt av dei tidlige leiarane i riket og profetens følgjesmenn, slike som Umar, Uthman el. Osman og Ali. Ei særlig gruppe eigennamn kjenner vi godt frå vår eigen kultur, det er namna til profetane før Muhammad, dei som islam jo deler med kristendommen. Slike er altså Ibrahim (Abraham), Musa (Moses) og Isa (Jesus). Andre bibelske namn er Harun (Aron), Dawud (David), Ishaq (Isak), Jibril (Gabriel), Yahya (Johannes), Ayyub (Job) og Sulayman (Salomo).

Ein annan type ism er reint religiøs og betyr ’Guds tenar’, anten rett fram, Abd Allah eller Abdullah, men oftare med eitt av dei nittini synonyma for ’Gud’, som Abd al-Rahman og Abd al- Rahim (tenar til den miskunnsame), Abd al-Qadir (tenar til den handlingsrike), Abd al-Aziz (tenar til den mektige), Abd al-Karim (tenar til den velgjerande), som alle er aspekt ved guddommen. Alle desse består av Abd (tenar) og gudsattributtet. Noen av dei siste kan vere eigennamn i seg sjølv når dei viser til ein menneskelig eigenskap, slik som Karim, velgjerande. Men dei fleste av dei kan berre vise til Gud, og når vi bryt dei opp og t.d. bruker al- Nasir (Nasser) åleine i staden for Abd al-Nasir, kallar vi i grunnen mannen ’Gud’.

Farsnamn

Sidan eigennamna er så ulikt fordelt, med enorm overvekt på dei religiøse, må ein kunne skilje mellom dei som heiter Muhammad (kanskje ein firedel av alle muslimar). Det gjer ein ved å legge til ibn «son av ...»: Muhammad ibn Ahmad, Muhammad, son av Ahmad. Nå fins det mange ahmadar som har kalla son sin Muhammad, så ein kan legge på eit slektsledd til: Muhammad ibn Ahmad ibn Muhammad. I nyare tid kutter ein av og til ut ibn og seier t.d. Muhammad Ali. Det er det same som Muhammad ibn Ali.

Dette er den mest formelle måten å beskrive ein person på. Alle personar har ein og berre ein ism, og alle har ein far og ein farfar, så om ein veit kva dei heiter, vil ein alltid finne fram til den rette personen. Klassisk arabiske leksikon og oppslagsverk ordnar derfor personar etter namn og farsnamn. Men det er strengt tatt inga grense for kor langt bakover ein kan gå, om ein berre kjenner slektslina: Ein kan ende opp med Ibn Adam, son av Adam, eller iallfall, og det er svært ettertrakta, Ibn Husayn ibn Ali, det vil seie ein profetens etterkommar.

Namn og slektsline, genealogi, flyt altså over i kvarandre. Ein biografi kan starte slik: «Han heitte Mustafa ibn Umar ibn …,» og slik kan ein fortsette med fleire ledd tilbake så langt ein kan komme, ei halv side eller meir, tilbake til profeten. Til vanlig blir likevel berre dei første to-tre ledda nytta. Dei to viktigaste arabiske biografiske leksikona i dag bruker berre farsnamna til å sortere personane etter, sjølv om andre namn er meir kjente. Det eine leksikonet tar inn så mange ledd som trengs for å skilje to personar, vanligvis opp til fire ledd. Det andre bruker berre to, eigennamn og farsnamn, og sorterer vidare etter dødsår.

Sonenamn: kunya

I tillegg til dette eigennamnet kan ein person ha eitt eller fleire deskriptive namn. Vi møtte to hos vår mann Abu al-Abbas al-Ara’ishi.

Det første av dei er teknisk sett det motsette av ’son av’, nemlig Abu ’far til’ eller Umm ’mor til’ med eigennamn til son eller dotter etter: Abu Muhammad, Umm Salim. Dette sonenamnet, kunya, kan vere heilt konkret: Når ein mann får ein son og kallar han Umar, kan han sjølv bli heitande Abu Umar. Det blir altså ein slags indikator på at ein har nådd eit nytt stadium i livssyklusen.

Men slike abu-namn kan også få vidare bruk. Vi nemnte at ein som heiter Ahmad, ofte blir tillagt kunya-namnet Abu al-Abbas, far til al-Abbas, uansett om han har ein son med det namnet eller noen son i det heile. Det er eit av fleire stereotype kunya-namn der eit eigennamn blir knytt til eit bestemt sonenamn. Dei som heiter Muhammad, får ofte tilnamnet Abu Allah, Abd Allah osv.

Namnet kan også brukas figurativt og bli knytt til eit omgrep i staden for eit sonenamn. Det møter vi alt i namnet til den første kalifen, Abu Bakr, som trulig betyr ’far til ein ungdom’. Han hadde trulig eit anna ism (Abd Allah og Atiq er nemnt i noen kjelder), men det er gløymt, og Abu Bakr er gjennom han nå blitt eit eigennamn, eit ism i seg sjølv. I moderne tid har slike abu-namn også blitt brukt som dekknamn, spesielt i den palestinske geriljaen. Der har alle PLO-leiarane eit dekknamn som består av Abu med eit krigersk eller mobiliserande tillegg: Abu Jihad, Abu Iyad (far til styrken), Abu Nidal (far til kampen) osv. Yasir Arafat går framleis ofte under namnet Abu al- Ammar, som viser til «den byggande og sterke i trua», mens den nye statsministeren Mahmoud Abbas også heiter Abu Mazin ’han som går den strake vegen’.

Beskrivande namn: nisba

Abu-namnet kan altså variere og beskrive ein tilstand i tillegg til det konkrete. Enda meir beskrivande er den kanskje mest produktive delen av namnet, som blir kalla nisba. Det kan vi omsette med ’forholdsnamn’, det som viser kvar personen kjem frå eller hører heime, kva han står i forhold til. Grammatisk er desse namna adjektiv, dei står alltid i bestemt form (med al-) og har suffikset lang -i.

Det kan t.d. vise til kva by eller land personen kjem frå: al-Baghdadi kjem frå Bagdad, al-Dimashqi frå Damaskus. Vi kunne seie ’bagdadaren’ og ’damaskusaren’ på norsk. Vi bruker hos oss det same i ’nasarearen’, og dette, al-Nasrani, er også eit arabisk namn på Jesus. Men det kan i tillegg vere namn på ein som følgjer Jesus, og er eit vanlig ord for ’kristne’.

Slike forholdsnamn kan også vise til kva stamme ein kjem frå: al-Kindi har opphav i kindastammen, eller dei kan vise til religiøs tilknyting: al-Qadiri høyrer til det islamske qadiriya-brorskapet, al-Nusayri til denne greina av shi’a-islam. Ein person kan ha ingen, ein eller mange nisbaer, og det er ikkje alltid dei same som blir brukt om same personen. I biografiske leksika kan vi sjå at ein person står som Ahmad ibn Umar al-Kindi al-Baghdadi aslan al-Dimashqi maqaman al-Istanbuli wafa’an’. Orda mellom namna betyr ’av fødsel’, ’i bustad’, ’ved død’. Han var fødd i Bagdad, budde i Damaskus og dødde i Istanbul. Beskrivinga av livsløpet sklir inn i namnet utan tydelig overgang. For så vidt kunne kva som helst av desse forholdsnamna bli brukt som namn på personen, og han kan ha blitt omtalt som Ibn Umar al- Dimashqi da han budde der, eller kanskje helst etter at han hadde flytta til neste plass: han som ’kom hit frå Damaskus’. Men i ei bok om islamsk teologi kan han godt bli omtalt som Ahmad ibn Umar al-Qadiri.

Nisbaer er den langt vanligaste måten å lage ’beskrivingar’ av ein person til eit namn på, men det fins også andre, som f.eks. profesjonsnamn, av typen al-Attar (parfymeseljar) og al- Zajjaj (glasmeister), eller honnørord, eit slikt som presidenten i Syria har fått: al-Assad (løva). Eller personar kan få namn som kanskje ikkje er så ærefulle: al-Majdhub (den åndebesette eller sinnssjuke). Ein vel ikkje sjølv det namnet ein – og kanskje etterkommarane (Ibn al-Majdhub) – blir kjent under.

I mellomalderen hadde ein del sultanar ein tendens til å ta tronenamn som inneheldt eit program: Izz al-Din ’religionsbeskyttar’, Nur al-Din ’lys for religionen’, Sayf al-Dawla ’statens sverd’, Mujib al-Rahman ’han som svarar på Guds kall’. Mange av desse har seinare glidd inn i språket som ism, eigennamn, på line med Abd al-Rahman og andre som dei liknar på grammatisk. Men teknisk er dei forskjellige, dei kom i tillegg til personens ism.

Det er heller ikkje alltid lett å vite når eit namn er fysisk beskrivande, og når det er brukt i overført betydning. Den kjende historikaren Ibn Khaldun skulle etter namnet vere son av ein mann Khaldun. Men Khaldun er eit fleirtalsord, ikkje eit eigennamn. Det er i realiteten ein stamme, og han kunne like godt vore kalle al-Khalduni, ’khaldunaren’ med adjektivforma. Også dette finn vi i tidlige kjelder; same personen kan av og til bli kalla Ibn Fulan, av og til al-Fulani.

Namn og kjelder

Dette gir inntrykk av kaotiske forhold. Realiteten er ikkje fullt så ille. Alle desse ulike namneformene er som nemnt kjelder som eit namn kan komponeras ut frå. Berre noen få av dei vil i realiteten bli brukt om kvar enkelt person, og mange menneske vil trulig berre gå under eigennamn og farsnamn eller ein annan fast kombinasjon heile livet. Men det mest vanlige vil nok likevel vere at personar skifter ut noen delar av namnet eller er kjent under ulike nemningar opp gjennom livet, og dess meir han flytter på seg eller opptrer i ulike samanhengar, dess større variasjon vil det vere.

I moderne tid har dette klassiske systemet gått gjennom ulike endringar, på same måte som gardsnamn og farsnamn er blitt til «familienamn» i vårt samfunn. Noen prominente familiar begynte alt tidlig å bruke slike familienamn. Vi finn fram til i dag familiane al-Iraqi og al-Siqilli i Marokko. Forfedra deira flytta frå Irak og Sicilia på 900-talet og 1000-talet, men namna vart bevart fordi det hadde status (men ikkje alle individa i familien brukte det nødvendigvis). Dette har begynt å bli meir vanlig i vår tid. Ein Umar, son av Ali Muhammad [Ali ibn Muhammad] kan, i staden for å kalle seg Umar [ibn] Ali på klassisk vis skrive seg for Umar Muhammad. Det siste går dermed over frå å vere eit farsnamn til å bli eit etternamn og familienamn.

Det er spesielt emigrasjon og kontakten med vestlige system som legg press i retning av å velje eitt namneelement som ’etternamn’. Ein slik overgang er ikkje utan problem, og det hjelper lite når tilfeldig transkripsjon til latinsk skrift kjem i tillegg, når det i eitt papir står Ziaurrehman og i eit anna Al- Rahman, Diya for same namnet. Derfor er det ofte lurt å prøve å finne ut kva som ’eigentlig’ står, ved å sjå litt nærare på kva type namn ein har å gjere med.

 

-- Knut S. Vikør er førsteamanuensis i historie og daglig leder for Senter for Midtausten- og islamske studiar ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut m.a. Ei verd bygd på islam: Oversikt over Midtaustens historie (Oslo 1993, ny utgave 2004), Islam: ei faktabok» (Oslo 2002), Mellom gud og stat: Ei historie om islamsk lov (Oslo 2003).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015