På veg mot enklare nynorsk?

Korleis kan nynorsken bli lettare å lære? Korleis bør nynorsken vere i offentleg informasjon, i avisene og i lærebøkene? Bli med i diskusjonen!

AV MARIT HOVDENAK

I tråd med stortingsmeldinga Mål og meining er Språkrådet no i gang med å revidere nynorskrettskrivinga med sikte på ei «tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer». Ei rettskrivingsnemnd på sju personar har arbeidd med saka det meste av 2010 etter mandat frå styret i Språkrådet. Nemnda skal ha eit forslag klart til høyring utpå nyåret, 1. februar 2011. Etter høyringsmøtet 21. februar skal det endelege forslaget liggje føre frå nemnda 1. april. Planen er at ny rettskriving for nynorsk, godkjend av Kulturdepartementet, skal gjelde frå 1. august 2012.

Vil ta ut skole

Nemnda har gått gjennom rettskrivinga systematisk og teke stilling til kva former i gjeldande rettskriving som bør bli ståande, og kva former som kan gå ut. Dei siste månadene skal nemnda ta ein ny, samla gjennomgang. Blant dei vala som nemnda har gjort førebels, er at både a-infinitiv og e-infinitiv må bli verande, og at det skal vere valfri j i verb som tenk(j)e. Samsvarsbøyinga i svake verb blir valfri. Bruken av ø og/eller y i ein del ord er tenkt slik at ø alltid kan brukast, mens det skal vere valfritt i mykje brukte ord som fyrst/først. Av substantiv skal unntaksgrupper (elv, gjest) følgje hovudregelen i fleirtal. Nemnda vil behalde skule, men stryke skole, som no er jamstilt. Eit argument for skule er at det er dialektforma i dei områda der nynorsk er opplæringsmål. Nemnda har stilt spørsmål om ein skal ha både da og då, eller berre den eine varianten, og det same med no/nå, noen/nokon, bare/berre ofl.

Midtlinjenynorsk

Rettskrivingsnemnda har vege mange omsyn mot kvarandre, som tradisjon og praksis i skriftspråket og talemålsformer med stor geografisk utbreiing. Ho har lagt vekt på å skaffe best mogleg datagrunnlag om kva former som er i bruk, m.a. i lokalaviser. Det er eit mål at den nye norma skal bli stabil over lengre tid, og då er det viktig å vite kva former som har festa seg hos folk flest, i ein «midtlinjenynorsk». Det er ikkje opplagt kva det vil seie at norma skal vere enkel. I somme tilfelle kan det vere enklare å ha to former å velje mellom enn å ha berre éi.

Diskuter på nettet

Normeringa må ta særleg omsyn til dei nynorske kjerneområda og til dei elevane som har nynorsk som opplæringsmål, men samtidig skal rettskrivinga vere lett å lære for alle som vil skrive korrekt nynorsk.

Språkrådet og nemnda med leiar Grete Riise vil gjerne ha dialog med språkbrukarane om nynorskrettskrivinga. Vi ber om fleire innspel, reaksjonar og synspunkt, helst i god tid før arbeidet skal avsluttast.

Følg med i nytt frå nemnda på nettsidene til nemnda.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.11.2010 | Oppdatert:28.05.2021