Språk på pålar

«Det overordna målet for språkpolitikken må vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg».

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Sitatet ovanfor er henta frå stortingsmeldinga «Mål og meining» frå 2007. Også for ti år sidan var det klart at det norske språket trong sikring. Målet var, den gong som no, at det norske språket skulle vera samfunnsberande.

Kva vil det seia å bera samfunnet?

Me kan lesa det slik at språket skal spegla Noreg: På alle samfunnsområde skal det vera mogleg å nytta norsk. I klasserommet, på treningssenteret, på byggeplassen og i auditoriet – norsk skal vera eit språk i dagleg bruk som utviklar seg slik at det kan bera både tanken og samfunnet.

Kva er alternativet? Me kan sjå føre oss at norsk, ein gong i framtida, ikkje er eit brukande språk på alle område. Kan hende vil det «bera» berre nokre delar av samfunnet. Kanskje vil det vera utenkjeleg å skriva ein akademisk tekst på norsk, og kanskje vil det ikkje finnast artistar som syng på morsmålet sitt.

Politikarane våre har bestemt at dette er ei framtid me ikkje ønskjer oss, og dei har gitt Språkrådet i oppgåve å arbeida for at norsk skal halda på posisjonen språket har i dag.

Eitt svært viktig domene for norsk språk er fagspråket. Dette står under press frå engelsk. I denne utgåva av Språknytt kan du lesa meir om korleis Språkrådet jobbar saman med Standard Norge for å sikra norsk fagspråk på samfunnsviktige felt.

Fagspråket er ein av pålane som «det norske språket» kviler på. Skal språket bera samfunnet, må fundamentet vera solid. Difor må me røkta fagspråket og gjera det tilgjengeleg for brukarane. Gjer me ikkje det, kan me til slutt sitja att med eit norsk språk som berre kan brukast kring kjøkenbordet.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.05.2017 | Oppdatert:27.01.2021