Full baluba

Det blir vonleg ikkje vill baluba om vi lèt dei engelske importorda i norsk vente litt og heller ser nærare på nokre innarbeidde lånord frå ein annan del av verda. Vi skal sørover.

Lubafolket

Ifølgje Store norske leksikon er baluba, fleirtal av luba, namnet på eit bantufolk i Den demokratiske republikken Kongo. I byrjinga av 1960-åra var media fulle av nytt om stridane i Kongo, ikkje minst om den mystiske flystyrten som tok livet av FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld.

Frimerke med "Baluba"Mykje av striden dreidde seg om provinsen Katanga, der lubafolket stod sterkt, eller «balubastammene», som det gjerne heitte i avisene. Då ni irske FN-soldatar vart drepne av «balubaer», gjekk a baluba eller balooba inn i irsk-engelsk slang som skjellsord. I tillegg fekk dei ordlaget to go balubasBalubas finst òg i svensk i ymse tydingar, mellom anna rampunge, men det er truleg berre i norsk ein finn uttrykket vill baluba eller full baluba.

Ville dyr

Norsk har lånt fleire ord frå afrikanske språk, især frå språkgruppa bantu, som tyder ‘menneske’ (i fleirtal). Bantu omfattar rundt 150 språk, mellom anna luba, swahili, kikuyu, shona, setswana, xhosa og zulu. Låna gjeld særleg namn på afrikanske dyr. Her er ein flik av flokken:

  • Namna på antilopeartane kudu (iqhude) og impala (‘gaselle’, jf. arabisk ghazal) har vi frå språka xhosa og zulu, medan gnu (i-ngu ‘villdyr’) er henta frå khoispråket nama (ikkje bantu).
  • Sjimpanse har utspring i eit bantuspråk i Angola, namnet på giftslangen mamba kjem frå xhosa og zulu, namnet på flugearten tsetse tyder ‘fluge’ på setswana, og sebra kan ha oppstått i eit kongolesisk språk, alternativt i latin equiferus ‘villhest’.

Ei anna gruppe afrikanske lånord er henta frå musikkverda. Instrumenta banjo og marimba og dansane samba og tango skal ha tatt vegen til oss frå Afrika etter ein svingom i Amerika.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.02.2019 | Oppdatert:26.01.2021